Austevollpakken — om vegen me har gått og vegen vidare

Saka om Austevollpakken er eit resultat av fleire år med arbeid, planlegging og eit godt samarbeid med fylkeskommune og vegvesen.

Torsdag 25. februar behandla kommunestyret Austevollpakken. Saka om Austevollpakken er eit resultat av fleire år med arbeid, planlegging og eit godt samarbeid med fylkeskommune og vegvesen.

Det er utruleg kjekt at me har kome så langt. Arbeidet kom i gang etter eit godt møte mellom kommune, fylkeskommune og Statens vegvesen i desember 2016. I Høgre og Ap sitt budsjettforslag for 2017 blei det avsett planleggingsmidlar.

Planlegginga kom i gong og litt etter litt nådde ein viktige milepålar. I regional transportplan i 2017 vedtok fylkespolitikarane den første antydinga av ein framtidig Austevollpakke. Dei same fylkespolitikarane forsterka ordlyden litt då dei vedtok handlingsprogrammet til transportplanen året etterpå.

Sjølv om omtalane av ein vegpakke i Austevoll var korte så bidrog det til at fylkesadministrasjonen hadde nødvendig tilslutnad frå fylkespolitikarane til å planlegge i lag med kommunen.

I februar i fjor blei sak om Austevollpakken behandla av kommunestyret og den førebelse samferdselsutgreiinga blei lagt fram. I innleiinga i saka stod det blant anna: «Det blir understreka at utgreiinga ikkje er heilt ferdig enno og at det er ønskeleg med innspel og vilkår frå formannskap og kommunestyre.»

Innspelet som kom i den politiske behandlinga var at «Austevoll kommunestyre vedtek at det ikkje er aktuelt å finansiere vegutbetringar med å auke prisen på ferja gjennom bompengar». Innspelet blei samrøystes vedtatt.

I juni i fjor var det møte med fylkesordførar og fylkesrådmann. Her blei den vidare saksbehandlinga diskutert, og det blei avtalt eit arbeidsmøte over sommarferien. Dette møtet blei halde 31. august.

Planlegginga held fram av fylkeskommunen utover hausten. 25. november vedtar fylkespolitikarane i hovudutval for samferdsel og mobilitet å løyve 300.000 kroner i planleggingsmidlar til Austevollpakken. 12. januar i år orienterte fylkesrådmannen det same utvalet om status, rammer og framdrift for utbetringar av fylkesvegnettet i Austevoll kommune.

I 2021 har det vore høg aktivitet, med tett samarbeid mellom kommune og fylkeskommune. Denne kontakten danna grunnlaget for saka som rådmannen fremja til kommunestyret for to veker sidan.

Vegen til her me er i dag har vore grundig og god. Den har resultert i at ein lokalpolitisk ambisjon frå Austevoll kommunestyre, no har blitt eit prioritert prosjekt hos fylkeskommunen. Det meste av finansieringa har også kome på plass, med eit spleiselag mellom kommunen og fylkeskommunen. Når me veit at den fylkeskommunale andelen i bompengeprosjekt gjerne er på 15-30 prosent, så er det ikkje så aller verst å kunne slå i bordet med ei 50-50-fordeling.

Då kommunestyret behandla saka 25. februar var det eit sterkt ønske om å prioritere vegprosjekt. Ingen burde vere forundra over at det kunne vere ulike meiningar om prioriteringslista. Det var derfor ein lang og god debatt i kommunestyret. Til sjuande og sist handla det om me skulle prioritere gang- og sykkelveg frå Solesvik ved Blænes Bygg, til Selbjørn bru. Høgre og Arbeidarpartiet var blant partia som hadde ulikt syn om dette.

Høgre, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti er einige om at me skal alltid lage kommunebudsjett i lag. Kommunebudsjettet er utruleg viktig for tenestene til innbyggjarane og styringa av kommunen. Derfor har me har signert på at budsjettsamarbeid er botnplanken i samarbeidet.

Me er også einige om at me har lov å vere ueinige i andre saker, og Høgre og Arbeidarpartiet var altså ueinige om gang- og sykkelvegen. Arbeidarpartiet ønskte å prioritere dette prosjektet, og Høgre meinte at det ikkje burde prioriterast, fordi me meiner det er andre vegstykke som har større behov for utbetring.

Det var ikkje berre Høgre og Arbeidarpartiet som var ueinige, det var også resten av kommunestyret. Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne var einig med Høgre om å stemme for prioriteringslista frå formannskapet, medan Framstegspartiet var einig med Arbeidarpartiet om eit alternativt forslag.

Det heile enda med at mindretalet ved den avgjerande røystinga støtta fleirtalet sitt syn, og at fleirtalsvedtaket inneheld to punkt frå mindretalets forslag. Det eine av desse to punkta handla om at vedtaket skal sendast som eit forslag til regional transportplan, det andre at ein tverrpolitisk delegasjon skal forhandle med fylkeskommunen.

Debatten i kommunestyret blir presentert i korte brotstykke i Marsteinen. Ved å sjå opptaket frå møtet, som ligg på austevoll.kommunetv.no, får ein eit betre bilde av korleis debatten gjekk.

På leiarplass skriv Marsteinen at «sett utanfrå verkar det merkeleg at Høgre spela bort bompengar som eit mogleg trumfkort i dialogen med fylkeskommune allereie i valkampen for snart to år sidan».

Marsteinen skriv ikkje noko meir om kvifor den meiner bompengar er eit trumfkort, eller kva det skulle gitt oss av styrke i forhandlingane med fylkeskommunen.

Det motsette er meir nærliggjande å tenke seg. Det er ikkje tvil om at fylkeskommunen er einig i behovet for vegutbetring i Austevoll. Det at kommunen regulerer Storebøvegen for fylkeskommunale kroner er eit bevis på dét. Men viljen til å bruke fylkeskommunale kroner hadde nok vore meir fråverande dersom meir av kostnaden kunne skubbast over på bilistane.

Dialogen med fylkeskommunen har derfor handla om å få aksept for ein vegpakke utan bompengar. Det har me lukkast med.

Og dialogen har handla om at den fylkeskommunale andelen skal vere høgare enn det den ville ha vore om bompengar var med i finansieringa. Det har me også lukkast med.

Me er altså i den gledelege situasjonen at fylkeskommunen matchar krone for krone dei 70 millionane som me førespegla at kommunen kunne bidra med i staden for bompengar.

I Askøypakken, Bømlopakken og Nordhordlandspakken ligg andelen fylkeskommunal løyving mellom 14,1 og 27,3 prosent. I Austevollpakken er den altså 50 prosent.

Me er også i den gledelege situasjon at fylkeskommunen ivrar etter å prioritere Austevollpakken i den regionale transportplanen.

I løpet av fleire år med planlegging har me stadig kome nærare målet. Kommunen sine interesser er godt varetatt. For nokre veker sidan var det rådmannen i Austevoll som la fram eit sak til kommunepolitikarane i Austevoll. Det neste som skjer er at fylkesrådmannen no legg fram ei sak til fylkespolitikarane. Her vil Austevoll sine prioriteringar bli behandla, i tillegg til dei godt grunngjeve argument for å auke den økonomiske ramma endå litt meir.

Av:
Ordførar Morten Storebø
Gruppeleiar Anita Melingen
Joon Raymond Haugland, formannskapsmedlem

Lesarinnlegget stod på trykk i Marsteinen 11. mars 2021.