Bekymra for responstida til ny ambulansebåt

Vil farten på ambulansebåten vere høg nok, spurte Arild Sivertsen i kommunestyret på torsdag.

Arild Sivertsen (t.h.) er bekymra for om farten på den nye ambulansebåten er høg nok. Her er i samtale med stortingsrepresentant Ove Trellevik i september 2019.

Marsteinen skreiv 10. februar at den nye ambulansebåten som overtar for Rygervakt skal ha ein fart på 22 knop.

— 22 knop er altså mindre enn det som låg i anbodspapira. Dette skapar bekymring når kvart minutt vil telje når båten rykker ut, sa Høgres Arild Sivertsen.

I førre møte i kommunestyre stilte Arild Sivertsen spørsmål om kva vurderingar som ligg bak at båten ser ut til å få ein mykje lågare fart enn det dagens ambulansebåt, «Rygervakt», har.

— Me snakkar altså fort ein forskjell på 10 minutt på strekninga frå Storebø til Hjellestad frå i dag, til sånn som det blir med ny båt, sa Arild Sivertsen.

No skal rådmannen ta opp saka med Helse Bergen som har ansvar for ambulansetransporten i Austevoll.

Spørsmål i kommunestyret:

«I september i fjor hadde me ei sak oppe om ny kontrakt for ambulansebåten vår. I eit av vedlegga til saka stod det at båten skal ha ein marsjfart på 24 knop.

Fart er openbart ein veldig viktig faktor for eit ambulansefartøy, men akkurat dette punktet blei ikkje nemnt i saksutgreiinga, og det er heller ikkje noko me andre la merke til fjor.

Og så i Marsteinen 10. februar blir det sagt at den nye ambulansebåten vil ha ein fart på 22 knop.

22 knop er altså mindre enn det som låg i anbodspapira. Dette skapar bekymring når kvart minutt vil telje når båten rykker ut.

«Rygervakt» som me har i dag, har ifølge Rødne ein toppfart på 35 knop. Me snakkar altså fort ein forskjell på 10 minutt på strekninga frå Storebø til Hjellestad frå i dag, til sånn som det blir med ny båt.

Det er Helse Bergen som har ansvar for ambulansebåten, men Austevoll har ein viktig aksje og er med på å betale ein del for båten.

Så spørsmålet mitt til rådmannen er:

Kan han ta kontakt med Helse Bergen for å finne ut nøyaktig kva fart den nye båten kjem til å gå i, og om det faktisk er innanfor dei rammene som låg i anbudspapira – og kome tilbake med oss med kva vurderingar Helse Bergen har gjort seg ved at båten no ser ut til å ha ein fart som er betydeleg lavare enn «Rygervakt» som me har i dag.»

Arild Sivertsen, Høgre