Bente Kari innstilt til Høgres ordførarkandidat

Ein einstemmig nominasjonskomité har i kveld innstilt Bente Kari Sletten Taranger til ordførarkandidat i Austevoll Høgre.

— Bente Kari er ein utruleg sterk kandidat og vil bli ein storarta ordførar i Austevoll. Nominasjonskomiteen er glad og stolt over å foreslå for medlemane i Høgre at Bente Kari bør bli vår neste ordførarkandidat, seier Mons-Ove Hauge, leiar i nominasjonskomiteen.

— Eg er audmjuk for oppgåva og det er sjølvsagt mykje nytt å setje seg inn i. Samstundes har eg god og relevant erfaring som eg veit kjem veldig godt med, og eg har ein flott Høgre-gjeng eg skal jobbe i lag med, seier Bente Kari Sletten Taranger.

— Eg er spesielt opptatt av kjerneoppgåvene til kommunen. Gode kommunale tenester er heilt avgjerande for at det er trygt og godt å bu i Austevoll. Utgangspunktet vårt er heldigvis veldig godt, og eg gler meg til å jobbe meir med dette, seier Bente Kari.

Bente Kari har brei erfaring frå næringslivet. Frå ho flytta heim igjen til Austevoll i 2005 har ho hatt leiarstillingar i DOF, Austevoll Kraftlag, Norfield, og i Defacto der ho jobbar i dag. Fram til 2005 arbeidde Bente Kari med skipsfinansiering i Nordea Oslo og London. Dette er viktig erfaring ho tar med seg inn i politikken.

— Leiarerfaring, det å ha jobba i større organisasjonar og måtte handtere forskjellige omsyn og problemstillingar er viktig kunnskap eg har med meg. Dette er like nyttig i ein kommune som i ei bedrift, seier Bente Kari.

— Dessutan kjenner eg godt til frivillig sektor gjennom mine eigne engasjement i kyrkjekoret på Stolmen og velforeininga. Eg veit kor viktig det er med levande lag og foreiningar, som skapar aktivitet og som samlar menneske ute i lokalsamfunnet. Dette vil eg framleis vere levande opptatt av når eg blir folkevald.

I det vidare nominasjonsarbeidet vil resten av listekandidatane til Høgre kome på plass. Nominasjonskomiteen har i oppgåve å foreslå kandidatane, og så er det til sjuande og sist nominasjonsmøtet som bestemmer.

— Det endelege forslaget til komplett valliste blir forhåpentlegvis klar frå komiteen si side i løpet av ein månads tid. Og når så er gjort blir alle medlemar invitert til nominasjonsmøtet kor det endelege vedtaket blir fatta, seier Mons-Ove.

Nominasjonskomiteen i Austevoll Høgre består av:

  • Mons-Ove Hauge (leiar)
  • Grethe Drønen Ringdal (nestleiar)
  • Patricia Hufthammer
  • Astrid Kalve
  • Asta Grasdal Johannessen
  • Lars Heine Njåstad
  • Liv Bente Fagerbakke Storebø
  • Morten Storebø