Fem år med bygdahuspotten

2,2 millionar viktige kroner er utbetalt til bygdahus i Austevoll sidan Høgre og Ap etablerte bygdahuspotten i 2016.

Tilbygg ved Kolbeinsvik skule i regi av Kolbeinsvik vel
Utbygginga på skulebygget i Kolbeinsvik er eitt av prosjekta som har fått pengar frå bygdahuspotten.

Ideen om å etablere bygdahuspotten blei sådd i valkampen 2015. På Høgre sin standsaksjon på Bakkasund i august 2015 møtte frivillige frå Grendahuset Øytun opp. Dei fortalte om den store oppgraderinga som var gjort på grendahuset.

Grendahuset hadde same år søkt om 90.000 kroner frå kommunen til handikaptoalett i bygget. Det dei mottok var 5.000 kroner.

Det blei klart at kommunen ikkje har ei tilskotsordning når det er trong for å gjere nødvendige investeringar i dei viktige grendahusa.

I det første budsjettet til Høgre og Arbeidarpartiet blei det derfor sett av 200.000 kroner årleg til ei nye søkbar tilskotsordning.

I budsjettet skreiv partia:

«Grenda- og samfunnshus er viktige samlingsstader i Austevoll. Kommunen gir etter søknad tilskot til kultur- og idrettsaktiviteter, men Høgre og Arbeiderpartiet meiner det er føremålstenleg at kommunen også har ein årleg pott som skal gå til vedlikehald og oppgradering av samlingshusa i Austevoll.»

Det er ikkje tvil om at ordninga har vore nødvendig og viktig. Sidan den første utbetalinga i 2016 er det til saman løyvd 2,2 millionar kroner til bygdahus rundt omkring i kommunen. Av desse utgjer den ekstraordinære utbetalinga i samband med korona i år, 1,3 millionar kroner.

Her er utbetalingane som er gjort:

  • kr 420.000 til Hundvåkøy samfunnshus
  • kr 300.000 til Austevoll idrettslag
  • kr 285.000 til Kolbeinsvik vel
  • kr 200.000 til Selbjørn idrettslag
  • kr 190.000 til gamleskulen på Storebø
  • kr 180.000 til Drøna og Rostøy bygdalag
  • kr 120.000 til Grendahuset Øytun, Storekalsøy
  • kr 100.000 til Vinnesvåg velforeining
  • kr 100.000 til Stolmen vel
  • kr 100.000 til Møkster vel
  • kr 100.000 til Bjelland og Haukanes bygdalag
  • kr 50.000 til Unge Selbjørn
  • kr 30.000 til Hevrøy vel
  • kr 15.000 til Fagerbakke velforeining
  • kr 10.000 til Litlakalsøy vel