Gode planar og nye arbeidsplassar i Haukanesmarka

Dei to næringsplanane i Haukanesmarka har vore skikkeleg og grundig behandla, skriv ordførar Morten Storebø i svar til Terje van der Meeren.

(Foto: Natalie M. Elholm)

Dei to næringsplanane i Haukanesmarka har vore skikkeleg og grundig behandla. Det gjeld også konsekvensutgreiingar og vurderingar av natur og miljø. Dokumentasjonen som ligg i botn for planane er omfattande.

Grunnen til at det er gjort eit godt stykke utgreiingsarbeid er fordi utbygginga vil gjere store terrenginngrep og legg opp til stor utfylling i sjø.

Grunnen til at me tillét desse inngrepa er for å legge til rette for næringsaktivitet og nye arbeidsplassar i Austevoll.

Som eg sa i kommunestyret torsdag 17. desember så har eg stor respekt for at det er ulike synspunkt når det kjem til utbygging i Haukanesmarka.

Innlegget mitt i kommunestyret var svar på eit spørsmål frå Birthe Wessel i MDG.

I svaret mitt sa eg at om me skrur tida litt tilbake, til då me behandla planprogrammet, så var det nokre punkt som ein meinte burde konsekvensutgreiast.

Så las eg opp frå planprogrammet som blei vedtatt i 2017:

«Det skal gjerast greie for landskap og landskapstilpassing. Konsekvensar for biologisk mangfald skal utgreiast vidare. Konsekvensar for biologisk mangfald klargjerast: Naturtypar, raudlisteartar, og sårbare, truga naturtypar.»

Grunnen til at eg tok dette tilbakeblikket til 2017 var fordi det er i starten av planarbeidet dei vesentlege krava og rammene blir lagt for planprosessen.

Det dukkar opp nye og ofte viktige omsyn undervegs i planarbeidet – og det har det gjort her også – men vegen mot godkjenning og vedtak skal følgje spelereglane som gjaldt. Det vil bli veldig vanskeleg å lage reguleringsplanar viss målstreken er bevegeleg og alltid dreg ifrå.

Eg sa vidare:

«Når det gjeld problemstillinga knytt til myr så er ikkje det tema som er spela inn verken i planprogrammet eller i dei høyringane som har vore.»

Eg reknar med det er denne setninga som gjer at eg har pådratt meg eit lesarbrev frå Terje van der Meeren.

«Problemstillinga knytt til myr» handlar om at ved å grave opp myr, vil ein sleppe CO2 ut i atmosfæren. Å greie ut dette har ikkje vore tema i planane. I saksutgreiinga til rådmannen står følgjande:

«Det blei ikkje stilt krav til konsekvensutgreiing av myr då planprosessane starta. I 2017, då planprogram for Kråkebolleplanen og revidert plan for Melaks var på høyring, kom det heller ikkje merknadar om at dette var noko ein burde vurdera nærare. Planprogrammet tok inn over seg innkomne merknadar og konsekvensutgreiing blei utarbeida for dei områda ein fann relevante, med seinare tilleggsvurderingar etter innsendte merknadar. Konsekvensutgreiing er utarbeida i tråd med med det fastsatte planeller utredningsprogrammet.»

Og det å kome med krav om utgreiing no under klagebehandlinga, altså etter at planane er godkjente og år etter at rammene for planarbeidet er lagt, er ikkje gangbart.

Dette er også kommentert av rådmannen: «Å krevje ny konsekvensutgreiing så seint i prosessen ville vore urimeleg, og ville vore i strid med prinsippet om føreseieleg sakshandsaming, som er eit sentralt omsyn i forvaltningsretten.»

Då MDG i kommunestyret 17. desember foreslo at det skal gjerast ei kartlegging av dette, fekk forslaget berre MDG si stemme.

Terje van der Meeren har vore kritisk til planane heile vegen. Han ønskjer inga utbygging, men har skrive til at kommunen at området bør vere avsett til LNF og ikkje eit utbyggingsområde.

Påstandane han har kome med i planarbeidet har blitt tatt på alvor og blitt vurdert i planprosessen. Les du saksutgreiingane finn du at Terje van der Meerens merknader er via stor plass.

Terje van der Meerens ønske om byggeforbod har likevel ikkje vunne gjennom. Det skuldast at utgreiingsarbeidet og planarbeidet har vore godt, trass i at Terje van der Meeren er urokkeleg i trua på det motsette. I desse planane har kommunen stilt krav om utgreiingar og vurderingar, og desse er gjennomført av fagfolk med utdanning på master- og doktorgradsnivå.

Ja til utbygging skuldast også at me synst det er veldig viktig at dette området blir tatt i bruk som eit næringsområde. Terrenginngrep og utfylling i sjø er ein pris me er villig til å betale for å sikre framtidige arbeidsplassar i kommunen vår.