Ja til utbygging av laksepakkeri

I eit ekstramøte i dag vedtok kommunestyret reguleringsplanen for utbygging av Austevoll laksepakkeri.

RP Austevoll laksepakkeri

Det er sjeldan det er ekstramøte i Austevoll kommunestyre. I dag var likevel kommunestyret kalla saman for å behandle reguleringsplanen til Austevoll laksepakkeri.

— Saka er svært samfunnsviktig. Det er ei omfattande utbygging ved Austevoll laksepakkeri som har store samfunnsgevinstar, seier ordførar Morten Storebø.

For å sikre ei raskast mogleg igangsetjing av byggearbeidet måtte kommunestyret behandla saka i dag.

Her kan du sjå kommunestyremøtet i opptak.

Eit einstemmig kommunestyre vedtok å godkjenne reguleringsplanen. Umiddelbart etter at kommunestyret fatta sitt vedtak, blei det gitt rammeløyve for bygget.

I møtet nytta formannskapsmedlem Joon Raymond Haugland høve til å skryte av samarbeidet mellom tiltakshavar, administrasjon og politikarar.

— Reguleringsplanen har gått gjennom på cirka eit halvt år. Det er ein god bruk av overordna planverk som sentrumsplanen, opp mot detaljereguleringsplanen me har til behandling i dag. Det er kjekt å sjå at kommunen står veldig støtt på våre interesser, signala frå politisk nivå, og at den også står på for næringslivets interesser, sa Joon Raymond Haugland.

— Planavdelinga fortener ei klapp på skuldera, avslutta Haugland og fekk støtte frå Senterpartiets gruppeleiar Lars Knut Aarland.

Reguleringsplanen bygger på sentrumsplanen for Storebø og er ei detaljplanlegging av industriområdet med fiskeindustrien og gamle trelasten.

Det skal førast opp eit nytt industribygg på 9.000 kvadratmeter som delvis blir bygd saman med fiskeindustribygget. I tillegg kan det bli aktuelt med tilhøyrande mindre bygg og anlegg, som tankar, kjølelager, handtering av store køyretøy, hamneverksemd og parkeringsplassar.

Utbygginga medfører også utbetring av veg og bygging av fortau langs Bjånesøyvegen i retning Hedleleitet, utbetring av kryss mellom Bjånesøyvegen og Prestanesvegen ved Alfabygget, og vegutviding og fortau i brekka frå Vestbøbrekka mot Alfabygget.

Her kan du lese alle dokumenta i saka.