Jubileumsmiddag for Austevoll Høgre

Medlemar og tillitsvalde feirar Austevoll Høgres 50-årsjubileum 20. august. Kanskje kjem statsministeren også.

Fredag 20. august er det duka for storstilt feiring. I år er det nemleg 50 år sidan Høgre stilte liste ved kommunevalet i Austevoll for første gong. Derfor samlast medlemar, tillitsvalde og lokalpolitikarar til jubileumsmiddag i Løo i Bekkjarvik.

Kommunevalet i 1971 var eit tidsskilje i lokalpolitikken i Austevoll. Dette var kommunevalet då det for første gong blei stilt reine partilister her i kommunen. Austevoll Høgre var blant desse.

Frå statsministerens kontor er det gitt eit betinga ja til at statsminister Erna Solberg kjem til Austevoll og blir med på jubileumsmiddagen.

Ho er ikkje den einaste topp-politikaren på gjestelista:

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland deltar også i feiringa, det same gjer stortingsrepresentantane Ove Trellevik (Øygarden), Peter Frølich (Bergen) og Liv Kari Eskeland (Stord).

Ordførarane Kåre Martin Kleppe (Tysnes), Tom Georg Indrevik (Øygarden), Siv Høgtun (Askøy) og Stian Herøy (Fedje) har også melde sin ankomst, i lag med Høgres gruppeleiarar i fylkestinget og Bergen bystyre, Silja Ekeland Bjørkly og Harald Victor Hove.

Ved kommunevalet i 1971 fekk Austevoll Høgre smålåtne 5,3 prosent og eitt fattig mandat i kommunestyret. Den sitjande ordføraren, Peder Kalve, var Høgre-mann og til og med leiar i det nystifta Høgre i Austevoll. Han stod likevel ikkje på Høgre si eiga liste. Peder Kalve hadde allereie bunde seg til å toppe bygdelista for Storakalsøy og det var for seint å trekke seg derfrå. Peder Kalve heldt fram som ordførar i Austevoll, så på sett og vis vann Høgre valet likevel.

Høgres oppslutnad ved kommuneval i Austevoll:

  • 2019 – 36,9 pst.
  • 2015 – 37,8 pst.
  • 2011 – 31,0 pst.
  • 2007 – 19,6 pst.
  • 2003 – 23,9 pst.
  • 1999 – 35,3 pst.
  • 1995 – 34,6 pst.
  • 1991 – 40,3 pst.
  • 1987 – 37,0 pst.
  • 1983 – 32,4 pst.
  • 1979 – 30,8 pst.
  • 1975 – 12,8 pst.
  • 1971 – 5,3 pst.

Sidan 1971 har Høgre verkeleg sett sitt preg på lokalpolitikken i Austevoll og ei lang rekke tillitsvalde har gitt viktige bidrag til samfunnsutviklinga og arbeidet i partilaget. Blant desse er Reidunn Nordeide, som har vore kasserar i alle desse 50 åra, og er heidra med æresmedlemskap i Austevoll Høgre.

Høgre har hatt ordførar i Austevoll i nesten halvparten av desse 50 åra.

Høgres ordførarar i Austevoll:

  • 1971-1975 – Peder Kalve (tiltredde som ordførar i 1970 for bygdeliste)
  • 1982-1985 – Knut K. Kalvenes
  • 1990-2001 – Inge Bjarne Storebø
  • 2015- Morten Storebø