Krev raskare byggesaksbehandling

Einstemmig vedtak i kommunestyret etter forvaltingsrevisjon av plan- og byggesaksbehandlinga.

Forvaltingsrevisjon kan høyrast ut som keisame greier. Samstundes er det blant dei viktigaste sakene kommunestyret behandlar. Forvaltingsrevisjon, utført av eksterne fagfolk, gjev lokalpolitikarane grundig og objektiv innsikt i kommunens tenestetilbod.

I dag behandla kommunestyret forvaltingsrevisjon av plan- og byggesaksbehandlinga i kommunen.

– At me har utfordringar var velkjent og det var derfor me meinte me trong ein forvaltingsrevisjon. Det som er veldig nyttig er at den går relativt grundig til verks og gir ein del svar på kvifor det er som det er og kva som kan gjerast for å betre situasjonen, seier ordførar Morten Storebø.

– Me veit også at Austevoll har fleire byggesaker til behandling enn folketalet skulle tilseie, samanlikna med dei fleste andre kommunar, og me veit at det er ei stor arbeidsmengde på dei tilsette. Målsettinga vår er å gjere det betre både å vere tiltakshavar og å vere saksbehandlar i kommunen, seier Morten Storebø.

I desember i fjor vedtok kommunestyret at plan og byggesak måtte granskast. Grunngjevinga var enkel: Saksbehandlinga fungerer ikkje som den skal og dette går ut over innbyggjarar, næringsliv og kommunen.

Bjørn-Ove Dåvøy er nestleiar i kontrollutvalet som har handtert revisjonssaka. Han fortel om eit godt arbeid i kontrollutvalet.

– Me har vore tydelege på bestillinga til revisor, kva som er problemområda og at me skal granske det som folk og bedrifter slit med. Det som har vore gjengangarar frå tilbakemeldingar er lang saksbehandlingstid, uføreseieleg behandling og rettleiing. Derfor har dette vore hovudområda for forvaltingsrevisjonen, seier Bjørn-Ove Dåvøy.

Han er nøgd med svara og konklusjonane i rapporten, og at revisor peikar på konkrete tiltak som vil bidra til å løyse dei konkrete utfordringane.

– Ein slik grundig forvaltningsrevisjon gjev oss det verktøyet me treng for å kunne sette inn målretta og treffsikre tiltak for å sikre at tenestene som vert gjeve til austevollingane er så gode som det er mogleg å få til, seier Bjørn-Ove Dåvøy.

Frå februar til seinsommaren har Deloitte undersøkt plan- og byggesaksbehandlinga i Austevoll kommune. Rapporten blei presentert i kommunestyret i dag.

Heile rapporten kan du lese her.

I tillegg til å slå fast at fristar skal haldast, vedtok kommunestyret fleire konkrete tiltak som skal gjennomførast:

  • Etablere eit systematisk arbeid for å sikre oversikt over saker til handsaming og kva som er gjeldande sakshandsamingsfrist i sakene
  • Gjennomføre systematiske risikovurderingar av arbeidsprosessane på plan- og byggjesaksavdelinga, og sikre at det ved behov blir sett i verk tiltak for å redusere uønskt risiko
  • Etablere tilstrekkelege skriftlege rutinar og retningslinjer på byggjesaksavdelinga, og under dette:
    • etablere rutinar for at det blir sendt førebels svar i saker som går over handsamingsfrist
    • etablere eit system for å dokumentere at sakshandsamar og leiar har vurdert eigen habilitet
  • Vurdere å etablere mål/strategi knytt til rettleiing og informasjonsarbeid innan plan- og byggjesak
  • Gjennomføre evaluering av rettleiings- og informasjonsarbeidet knytt til plan- og byggjesaker

Rapporten har også viktige lyspunkt.

Alle reguleringsplanar blir behandla tidsnok. Dessutan blir det slått fast at kommunen er god på informasjon og rettleiing.

Plan og byggesak i tal

I fjor behandla Austevoll kommune 114 byggesøknader. Til samanlikning behandla Stord kommune 175 byggesøknader. Stord har nesten 19.000 innbyggjarar, Austevoll har 5.266. Faktisk så behandlar Austevoll langt fleire byggesøknader per innbyggjarar enn store vekstkommunar som Alver, Askøy, Bergen og Øygarden.

Den høge aktiviteten i Austevoll blir endå lettare å få auge på når me samanliknar kor mange reguleringsplanar forskjellige kommunar vedtok. I Austevoll godkjente me 13 reguleringsplanar i fjor. I Stord og på Askøy godkjente dei berre 2, i Alver 4, og i Øygarden 6. I Bergen, som har meir enn 50 gongar fleire innbyggjarar enn oss, så godkjente dei 16 reguleringsplanar, berre 3 fleire enn her hos oss.