Med hjarte for Austevoll ♥

Me i Austevoll Høgre har mange ting me brenn for, men viktigast for oss er at me skal vere ein gjeng de kan stola på. Me skal stå for det me seier, og de skal vite at me er «heil ved».

Av ordførarkandidat Bente Kari Sletten Taranger

I fjor sommar valde eg å engasjere meg i lokalpolitikken. Eg hadde lyst til å vere med og gjere ein forskjell. Vera med og sørgje for at Austevoll skal vere eit trygt og godt lokalsamfunn og bu og arbeida i, både for born, vaksne og eldre. Saman med meg i Austevoll Høgre har eg ein engasjert og dyktig gjeng med både nye og gamle fjes. I haust har me jobba med å byggja eit godt lag, og eg er stolt over at me har klart å samla 27 engasjerte kvinner og menn med veldig forskjellig erfaring og bakgrunn til vallista vår. Me har allereie samlast nokre gongar på nyåret og til saman har denne gjengen gjennom arbeidserfaring, alder og bustad, brei kunnskap om kommunen sine tenester, næringslivet i kommunen og kva som betyr noko for innbyggjarane våre.

Me i Austevoll Høgre vil i neste valperiode ha fokus på kunnskap i skulen og at elevane våre skal glede seg til skulekvardagen. Våre born skal gå ut av ungdomskulen med meistringskjensle, og me må derfor kunne tilby undervisning som er tilpassa kvar enkelt elev dersom det er det som skal til. Me gler oss til å jobbe meir med skule!

Det skal vere trygt og godt å bli gamal i Austevoll. Me skal ha fokus på dei svake i samfunnet, og sikra at helsesektoren i Austevoll har god kvalitet. Me må vere 100 prosent sikre på at slike situasjonar som har kome fram i media den siste tida ikkje skjer i vår heimbygd. Så er det dette med livskvalitet, ein god alderdom er ikkje berre god pleie, det er også viktig med innhaldsrike dagar. Vi har ein kultur- og aktivitetsavdeling ved PO -senteret i dag, og heldigvis har me mykje gode aktivitetar for våre eldre. Klarer me å få i stand eit demenskor i Austevoll for demente som bur heime? Det hadde vore kjekt, eg som mangeårig korist ser for meg ein alderdom med 3-stemt korsong!

Austevoll kommune skal vere ein open og kundevenleg kommune. Det skal vere enkelt å få tak i den ein vil snakke med om si sak. Kommunen har mange kompetente tilsette og tilbakemeldingane frå kommunen skal vere på eit enkelt og forståeleg språk. Heldigvis er det mange som vil skape og byggje noko i Austevoll, og undervegs i ei byggjesak må det til dømes vere råd for entreprenør å ha effektiv munnleg kommunikasjon med sin sakshandsamar dersom ein treng avklaring på noko. Kommune og innbyggjarar må saman vere løysningsorientert!

Me i Austevoll Høgre har mange ting me brenn for, men viktigast for oss er at me skal vere ein gjeng de kan stola på. Me skal stå for det me seier, og de skal vite at me er «heil ved». Hovudoppgåva vår er, og har alltid vore, å bidra til å gjere Austevoll-samfunnet til ein god stad å bu og leve i. For me trur på Austevoll!

PS: Me jobbar for tida med valprogrammet vårt, og me ynskjer gjerne innspel frå dykk på kva utfordringar de har i kvardagen som de ynskjer at me politikarar skal ta tak i. Ta gjerne ein telefon for å slå av ein prat, det er viktig for oss å høyre kva de meiner skal til for at Austevoll skal vere ein god plass å leva.

Lesarbrevet stod på trykk i Marsteinen 10. februar 2023.