Ønskjer snøggbåt- og bussutgreiing

Skal greie ut korleis kollektivtilbodet med snøggbåt, lokalbåt og buss kan betrast. 

Foto: Norled

— Det kan kanskje oppfattast som litt byråkratisk å drive med moglegheitsstudiar og forprosjekt, men me har sett verdien av sånt utgreiingsarbeid tidlegare. Ferjeutgreiinga som me bestilte i 2015 er eit godt døme fordi det bidrog til å støtte under forventingane og krava kommunen stilte i samband med dei nye ferjekontraktane, seier ordførar Morten Storebø.

Torsdag 28. oktober behandla kommunestyret sak om korleis innspela som Austevoll kommune gav til regional transportplan skal følgjast opp. 

— Sjølv om planlegginga av blant anna Austevollspakken er godt i gang, så er det andre samferdselssaker som er tyngre å realisere. Derfor trur me det er fornuftig å gjere litt av utgreiingsarbeidet sjølv sånn at det blir lettare å drive påverknadsarbeid overfor fylkeskommunen, seier gruppeleiar Anita Melingen.

I saka som var til behandling blir formålet med arbeidet oppsummert slik:

«Spørsmålet om korleis kommunen skal følgje opp innspel til regional transportplan kan omformulerast til: Korleis kan Austevoll bidra til at fylkeskommunen gjennomfører Austevoll sine innspel til regional transportplan.»

Det var dette kommunestyret tok stilling til. Følgjande vedtak blei fatta:

Punkt 1: «Det blir etablert eit forprosjekt eller ei moglegheitsstudie for å følge opp innspela D3, D5, E3 og E4 med utgangspunkt i pendlarstatistikk, reisemønster og bedrifter sine behov.»

Innspela det her blir vist til er desse:

  • D3: «Lokalbåtrutene skal sikre størst mogleg mobilitet for innbyggjarane i fylket, vere tilpassa transportbehov og vere sikra korrespondanse med anna kollektivtilbod.»
  • D5: «Fylkeskommunen skal utvikle båtruter som turistruter, for å bidra til å utvikle reiselivsnæringa og sørge for fleire betalande reisande på båtsambanda.»
  • E3: «Rutetilbodet i Sunnhordlandsruta må utviklast som pendlarrute også for pendlarar som bur i Bergen, med ny tur før tur nr. 24 på morgonen frå Strandkaiterminalen, og ny tur frå Leirvik og nordover i tidsrommet mellom tur nr. 12 og tur nr. 18.»
  • E4: «Det må leggjast opp til at onsdagsturen midt på dagen i lokalbåtruta i Austevoll går fleire vekedagar.»

Punkt 2: «Det blir etablert eit forprosjekt eller ei moglegheitsstudie for å samordne eksisterande kollektivtilbod, transporttilbodet for eldre, unge og til og frå tenester/dagsenter. (Lokal variant av «Hent meg» (Sauda) og seniorvenleg transport (Oslo, Trondheim, m.fl.))»

Kva er regional transportplan?

Som namnet tilseier er regional transportplan ein regional plan, noko som på stammespråket betyr at det er ein fylkeskommunal plan. Regional transportplan blir ofte forkorta RTP og er på mange måtar det fylkeskommunale motstykket til den statlege NTP, nasjonal transportplan.

Grunnen til at regional transportplan er veldig viktig er fordi planen legg føringar for drift, vedlikehald, investeringar og rett og slett utviklinga av fylkeskommunens samferdselsoppgåver.

Desse samferdselsoppgåvene inkluderer blant anna:

  • 5 700 kilometer fylkesveg og av dette er 70 kilometer i Austevoll. Vegnettet består elles av 255 kilometer gang- og sykkelveg, 274 tunnelar, 74 ferjekaiar, og 2 670 store og små bruer.
  • Til saman 1 009 bussar, fordelt på 812 i Hordaland og 197 i Sogn og Fjordane.
  • 24 ferjesamband, fordelt på 17 i Hordaland, 2 av desse til og frå Austevoll, og 7 i Sogn og Fjordane. Staten har ansvar for ferjene på stamvegnettet, blant anna Halhjem-Sandvikvåg.
  • Det er 20 fylkeskommunale båtsamband, 9 av desse i Hordaland, 2 av desse i, eller til og frå Austevoll, 8 i Sogn og Fjordane, og dei siste 3 båtsambanda mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Les meir om regional transportplan på fylkeskommunen sine nettsider.