Påskehelsing

Tolv år i opposisjon virka endeslause. I posisjon har dei fem første månadane gått forsvinnande fort. I starten av ein valperiode handlar mykje om å bli kjent med dei nye rollene me har tredd inn i. Sjølv om mange i høgregruppa har vore med i politikken ei stund, er det nytt for alle å overta oppgåvene og ansvaret som posisjonsrolla fører med seg. Men sjølv i innkøyringsfasa, har me fått gjort ein del gode grep.

Tanken bak denne påskehelsinga var å oppsummere det me hadde handtert og gjennomført av små og store saker i dei drygt fem månadane sidan Høgre kom i posisjon 12. oktober i fjor. Ikkje minst i kommunebudsjettet fekk me gjennom satsingar som ikkje hadde skjedd utan oss. I denne e-posten skal eg likevel berre bruke tid på éi sak, den viktigaste: Kvifor Austevoll skal busette flyktningar.

For dei som hugsar godt, blafra det litt i flyktningsaka før og under valkampen i Austevoll. Talet på flyktningar var sjølvsagt viktig, men spørsmålet var først og fremst om Austevoll kunne og skulle busette flyktningar i 2016. Vedtaket me fatta i november 2015, der me slo fast at Austevoll tek imot flyktningar, er eit av dei viktigaste vedtaka eg har vore med på å gjere.

For den kommunale forvaltinga er busetting av flyktningar eit spørsmål som ikkje minst er av praktisk karakter. Dei siste flyktningane me busette her i Austevoll, ni frå Somalia, kom i 2014. Å busette 20 nye flyktningar i 2016 er altså ikkje noko pionerarbeid. Busetting av flyktningar betyr at kommunen skal finne husvære, medverke til integrering og følge opp dei nye øybuarane våre på på ein god måte. Finansielt er det statlege tilskotsordningar som dekkar utgiftenen til kommunen. Det heile kan derfor fortone seg noko trivielt.

For Høgre var likevel ikkje dette ein triviell diskusjon. For oss var det viktig å avgjere at me skal busette nye flyktningar. Høgre har alltid hatt eit stort internasjonalt engasjement, og grunnane er like mykje historiske, som dei er moralske og prinsipielle. I denne saka, der me bestemte at Austevoll faktisk skulle busette flyktningar, var det fleire moment som påverka:

I påska markerer og feirar me hendingar som ligg 2.000 år tilbake i tid. I våre dagar, i 2016 — 200 kilometer nord for Jerusalem — utspelar det seg hendingar der skildringane me kjenner frå Det nye testamentet ikkje er dekkande nok. Det som skjer i Syria er gammaltestamentleg. I eit land med nesten 20 millionar innbyggjarar, er halvparten på flukt. Dei aller færraste har klart å flykte ut av landet, medan dei aller fleste som har kryssa grensene, bur i kalde, provisoriske, framandgjerande, og overfylte flyktningleiarar i Libanon og Tyrkia. Det som byrja som den arabiske våren og fredelege demonstrasjonar — då me alle var optimistiske på vegner av demokratirørslene i Midtausten og Nord-Afrika — utvikla seg til fullblods borgarkrig mellom Al-Assad- regimet, og revolusjonære og opposisjonelle styrkar. Den reine vondskapen fekk rotfeste då ISIS erobra stadig større delar av Syria.

Noreg har inngått ei rekke internasjonale forpliktelsar. Små statar som Noreg gjer ofte det, fordi det er trygt å vite at nokon kan hjelpe oss når me ikkje har musklar til å forsvare oss sjølve. Det finst kanskje ikkje noko land i verda, som meir enn Noreg har tatt ei pådrivarrolle for å skipe og søke internasjonale forbund. Høgres Carl Joachim Hambro var mangeårig leiar i Folkeforbundet, forløparen til FN, fram til 1940. CJ Hambro var også ein av få i Europa som kritiserte og åtvara då Tyskland, ustraffa og til dei store landas stilltiande aksept, annekterte Austerrike og delar av Tsjekkia. Parallellen til Russlands okkupasjon og annektering av Krim er ikkje uinteressant. Den første generalsekretæren i FN, var nordmannen Trygve Lie. Noreg søkte, og fekk, medlemskap i NATO, og opphavleg var det brei semje om å søke medlemskap i EU, før dette blei torpedert av Charles de Gaulle.

Noreg søkte internasjonalt samarbeid og overnasjonale reglar fordi me trengte støtte og tryggleik. Etter Den kalde krigen er krigsscenario langt vekke frå medvitet. Men, det betyr ikkje at me kan trekke oss frå spelereglar me sjølv var med på å legge. Internasjonale konvensjonar, som Noreg og nordmenn kjempa for, er like viktige å halde fast ved sjølv om me bur i ein trygg del av verda.

Noreg kan fortone seg som ein fredeleg fornøyelsespark. Forståinga for situasjonen i Syria, og privilegiet og evnene me i Noreg har til å hjelpe er likevel ikkje nødvendigvis noko alle legg tilstrekkeleg vekt på. I vårt eige Austevoll — på talarstolen i kommunestyret — gjorde populærvulgarismen ein uønskt visitt då det blei argumentert med at einskilte flyktningar frå Syria ikkje hadde eit reelt beskyttelsesbehov. Flyktningane dokumenterte jo ferda si på sosiale medier, dei hadde iPhone og selfie-stang.

Fleirtalet i kommunestyret — Ap og Høgre — sørgde for at denne mangelen på kunnskap og forståing ikkje fekk festa seg. Fordi, sånn er faktisk røynda når relativt fredelege (diktator-) statar går i oppløysing. Krig, vald og overgrep er nøyaktig like fælt uavhengig av om du har råd til mobiltelefon eller ikkje. Det er beskyttelsesbehovet som skal avgjere, og behovet er openbart.

Som eit konservativt parti så har me plikt til alltid å endre samfunnet til det betre, men ta vare på det som allereie er godt og viktig. Omsyn til menneske på flukt er ein kvalitet me ikkje bør utfordre. Me skal vere stolte over vedtaket me har gjort og for arbeidet som vert lagt ned for å sette desse ut i livet.

Vedtaket i Austevoll kommunestyre betyr kanskje ikkje så mykje i den store samanhengen. For dei som kjem til Austevoll så betyr det alt.

Eg ønsker dykk ein riktig god påske.
Venleg helsing
Morten Storebø