Svært godt årsresultat for kommunen

— Me takkar rådmannen og hans tilsette for ein flott innsats i året som har gått, trass utfordringar som har stått i kø, skriv Liv Bente Fagerbakke Storebø.

Liv Bente Fagerbakke Storebø
Liv Bente Fagerbakke Storebø, kommunestyremedlem for Austevoll Høgre. (Foto: Natalie M. Elholm)

Trass i alle utfordringane i annleisåret 2020 er kommunerekneskapen veldig gledeleg lesing

Me kan dessutan gleda oss over at det gode resultatet ikkje kjem av at me har redusert tenestenivået. Ein kan heller seie at aktiviteten på mange område har vore større og meir utfordrande enn noko tidlegare år.

Rekommunaliseringa av pleie- og omsorgstenestene har heller ikkje påverka økonomien negativt, slik mange spådde. Enda har me ikkje kome i gong med det planlagde tilbodet om heildøgnsbemanna omsorgsbustader. Med slike bustadar på plass, skal det normalt føra til lavare etterspurnad etter plassar på institusjon, og me kan førebu oss på eldrebylgja som kjem.

Det er brukt fleire ekstra millionar på koronatiltak. Ekstra mannskap på jobb på mange av område ikkje minst innan helsetenestene, strenge koronatiltak, heimeskule for elevar, og mange har hatt heimekontor i store periodar. Det er berre berømme dei tilsette for innsatsen som dei lagt ned.

Varslingssaka kjem på toppen av dette, det er diverre millionkostnader med denne også.

I tillegg har me politikarar delt ut millionar i koronatiltak til lag og organisasjonar som mista inntektsgrunnlaget sitt over natta. Det gjekk også nokre millionar til lag, organisasjonar og kommunale avdelingar slik at dei kunne sette i gong tiltrengte prosjekt og gjere innkjøp frå lokale levarandører.

Revidert budsjett i juni i fjor var på minus 3,7 millionar. Rådmannen sin førebelse rekneskap for 2020 er 6,6 millionar betre enn dette. Inntekter frå havbruksfondet er ikkje tatt med.

Mykje av dei gode tala kan me takka næringslivet i Austevoll for. Kommunen har skatteinntekter langt over budsjett, noko som tilseier at mesteparten av bedriftene ikkje har hatt storstilt oppseiing eller permittering av tilsette. Landet elles gjer det svært dårleg, og me ligg i år 60 prosent høgare enn landsgjennomsnittet i skatteinntekter.

I kroner og øre betyr det at me har 100 millionar meir i skatteinntekter enn tilsvarande kommunar, 60 millionar av desse sender me til skattesvake kommunar, dei resterande 40 millionane beheld kommunen.

Desse 40 millionane brukar me på å drifte kommunen. Det betyr tryggleik for oss innbyggjarar, fordi Austevoll er i stand til å levere langt betre tenester enn kommunar me kan samanlikne oss med.

Midlar frå havbruksfondet på 32 millionar er ei anna svært kjærkomen inntekt til kommunen. Den er eit resultat av at havbruksnæringa har satsa på å drive oppdrett i Austevoll. Det er me utruleg takksame for.

Kommunen er no i ein økonomiske situasjonen der me slepp å bruke midlane frå havbruksfondet for å drifte tenestene våre. Politikarane har bestemt å sette midlane på fond, og bruke dei til å medfinansiere sårt trengt oppgradering av vegane våre. På den måten får alle austevollingar og bedrifter nyte godt av Havbruksfondet. Samen med fylkeskommunen får me no realisert utbetring av vegane, og det utan at me slepp å innføre bompengar på nytt.

Me takkar rådmannen og hans tilsette for ein flott innsats i året som har gått, trass alle utfordringar som har stått i kø. Takk!

Av: Liv Bente Fagerbakke Storebø

Lesarinnlegget stod på trykk i Marsteinen 4. mars 2021.