Tryggare og betre vegar

I 2022 ligg det an til utbetringar både av fylkesvegar, kommunale vegar og trafikkområda ved skulane.

I 2022 har fylkeskommunen løyvd 45 millionar kroner og kommunen 20 millionar kroner til til Austevollspakken. Dette er det første året det blir avsett midlar til Austevollspakken i fylkeskommunale og kommunale budsjett.

Austevollpakken er ei handfull av vegstrekningar som treng utbetring i Austevoll. Prosjektet er beskriven som ei trafikksikringspakke der dei viktigaste prosjekta er breiddeutviding av Storebøvegen, ny bru i Torangsvåg og gang- og sykkelveg frå Selbjørnsbrua til Fagerbakke.

Det er ikkje avklart når byggearbeid vil bli sett i gang.

Førebuinga til utbetring av fylkesveg 546 over Bjelland er godt i gang. Dette er eit fylkeskommunalt prosjekt med delvis statleg finansiering, som består av breiddeutviding, utbetring av møteplassar og fjerning av standardsprang. Etter sigande vil byggearbeidet kome i gang i løpet av våren.

I kommunebudsjettet er det avsett til saman 7,5 millionar kroner til viktige trafikksikringstiltak ved Storebø og Selbjørn skular.

Det er også løyvd pengar til utbetring av Gullsmedvegen mellom parken i Bekkjarvik og Selbjørn skule, nytt kryss til Nordre Drivenes og fortau langs Hippabrekka på Storebø.

I tillegg er det løyvd 15 millionar kroner til utbetring av skuleområdet ved Austevoll ungdomsskule. Til dette prosjektet har kommunen mottatt fire millionar statlege kroner.