Vedtak om viktige trafikksikringstiltak

Kommunestyret kjøper eigedom for å etablerte hjartesone og meir trafikksikker tilkomst til Storebø skule.

Bustaden rett nord for krysset til Storebø skule skal kjøpast. Det vedtok kommunestyret i dag. På eigedomen skal det etablerast av- og påstigingssone for skulen, og dagens kryss skal flyttast bort til eigedomen.

I dag kan det vere veldig uoversiktleg med kombinasjon av mange skulebarn på veg til skulen, stor trafikk på hovudvegen, bussar og foreldrekøyring.

I sentrumsplanen for Storebø er det derfor regulert nytt kryss til Storebø skule, og ein av- og påstigingsrundkøyring. Formålet er å trekke tilkomsten til skulen lenger ifrå busshaldeplassane og overgangsfeltet. Dette vil skilje trafikantar og det vil redusere biltrafikken ned mot skulen.

Eit viktig steg på vegen er vedtaket som kommunestyret einstemmig gjorde i dag. Bustadeigedomen som krysset og rundkøyringa er regulert på, skal kjøpast av Austevoll kommune.

I revidert budsjett i juni sette kommunestyret av pengar til kjøpet. Kjøpesummen er 2,7 millionar kroner.

Austevoll kommune har allereie fått innvilga pengar frå Vestland fylkeskommune til å etablere ei hjartesone ved Storebø skule. Ei hjartesone er det bilfrie området på og rundt skulen som gåande og syklande kan ferdast trygt på.

Fleire andre viktige trafikksikringssaker stod dessutan på dagsorden i kommunestyret i dag:

  • Det skal brukast 2,5 millionar kroner på å lage fortau langs fylkesvegen i brekka mellom Vestbøbrekka og Alfabygget på Storebø.
  • 1,2 millionar kroner går til å utbetre krysset og tilførselsveg til Nordre Drivenes.
  • 800.000 kroner til utbetringar langs Gullsmedvegen ved Selbjørn skule.
  • Kommunestyret vedtok også at ein er positiv til vidare planlegging av ny vegtilkomst til Selbjørn skule.