Reidar, trur du folk er dumme?

Reidar Kleppe:
Du skriv mot betre vitande («Høyre må ta ansvar for Bærums økonomi», 3. oktober, og «Høyre har ansvar for Bærums økonomi – ikke regjeringen», 27. september)!
Du veit sjølv at økonomistyringa har vore i balanse i Bærum.

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Og så har vi sett at det er områder som treng vesentleg styrking. Dette gjeld både barnehagar, skulane våre (rektorane ber om 130 mill. ekstra) og eldreomsorg.

Og du veit at Bærum yter hjelp til skattefattige kommuner.

2,1 milliardar årleg går frå Bærum til skatteutjamning.

Det faglege forslaget var å auke denne overføringa med 40 mill. kroner i 2025.

Det vil Bærum klare å få til.

Så kjem bomba: Regjeringa Ap og Sp, med stønad frå SV, krev at Bærum straks, og utan varsel og fagleg plan, skal yte opp mot 1 milliard ekstra, årleg!!

Ein skulle tru på tonen din, at dette er noko Ap i Bærum har bedt om. På denne måten kan du hevde det du gjer: Økonomien i Bærum står til stryk.

Dette ser ut som eit bestillingsverk.

Eg spør deg, Reidar. Kva var Bærum Ap si rolle i dette usaklege ranet av folk i Bærum?

Vi ser at dette går ut over dei svakaste og dei som treng hjelp. Ser du ikkje at dette er resultatet?

Å skulde på Bærum Høgre for overgrepet frå regjeringa, er uetisk og usant. Du veit dette, og hevdar det likevel. Det er skammeleg.

Du vonar gjennom dette at folket skal bli sinte og vende seg mot dei borgarlege partia i Bærum. Eg les teksten din slik. Trur du folk er dumme?

Bærum Ap må sjølv ta ansvar og gjere sitt for å påverke regjeringa! Stopp ranet av Bærum kommune.

La dei skattefattige kommuner få den ekstra løyvinga som er foreslått, og tilføre 2 milliardar til finansiering. La Asker, Bærum og Oslo få eit berekraftig tillegg, slik det faglege forslaget var.