Valprogram
2023-2027

Sjå kva me går til val på i Bømlo kommune i komande periode!

Bømlo Høgre sitt valprogram er kanskje det viktigaste dokumentet vårt i ein kommunevalperiode. Det er valprogrammet som legge fram kva partiet meine om forskjellige sakar og kva politiske prioriteringar ein har.

Programprosessen har vore lang og inkludert heile partiet. Det har kommen innspel frå mange kantar. Både frå sosiale media og på medlemsmøtet. Det heile toppa seg med medlemsmøte den 11. april, der det etter ein fin debatt blei vedtatt eit program.

Det er fleire viktige sakar for Høgre denne kommande perioden. Ein av dei er ansvarleg økonomisk styring. Bømlo Kommune har vore hardt råka av etterdønningane etter pandemien, sterk prisvekst. Det latar ikkje til at regjeringa ser for seg å hjelpa oss med noko av dette. Samstundes er det ikkje berre kommunen som har dårleg rå. Sterk auke i fleire skattar, kombinert med inflasjon gjer at også fleire sliter med å få endane til å møtast. Derfor kan me ikkje auka eigedomsskatten.

Ei anna viktig sak er å inkludera fleire. Uansett om det er mangel på språkferdigheitar, formel utdanning, psykisk sjukdom, eller noko heilt anna som er grunnen. Å kjenna at ein høyrar til i samfunnet er kjempeviktig.

Skule og eldreomsorg er to av kjerneoppgåvene til ein kommune. Derfor kjem Bømlo Høgre til å jobba for at dagens skulestruktur består. Me ser samstundes at det er forbetringspotensial til dømes når det kjem til mobbing og nivåstilpassa undervisning. Å leva heile livet var eit av dei sentrale reformene til Erna Solberg si regjering. Verdigheit og fridom i alle livet sine fasar skal vera sentralt. Derfor ynskje Bømlo Høgre å jobba for meir valfridom i eldreomsorga, som «Omsorg Pluss»-bustadar.

Dette er berre litt av snadderet som ligge i programmet vårt!

Her kan du lesa heile: