Politikk

Me ynskjer å betra kommunen sitt tenestetilbod til innbyggjarane, og at lokaldemokratiet vert styrka i den lokale forvaltninga.

Våre hovedsaker

Oppvekst

Bømlo Høgre meiner at samspelet og samarbeidet mellom familie, barnehage og skule er viktig for å skapa ein trygg og god oppvekst i kommunen, og for Bømlo Høgre er oppvekst og læring eit satsingsområde.

Kultur

Bømlo Høgre meiner at eit levande og rikt kulturliv er viktig for livskvalitet, læring og helse. Bømlo Høgre vil ha eit mangfald av kulturuttrykk, og me meiner med det å gjera Bømlo til ein meir attraktiv stad å leva.

Helse og omsorg

Bømlo Høgre meiner at kommunen si viktigaste oppgåve er å følgja opp innbyggjarane i alle fasar av livet. Kommunen må samarbeida med heim, skule, grendalag og organisasjonar for å leggja tilhøva til rette for gode tilbod, også for dei som ofte fell utanfor det etablerte og organiserte lagslivet.

Trivsel og møjø

Bømlo Høgre meiner at kommunen må vera ein aktiv deltakar i det interkommunale friluftsrådet, og ivareta badestrender og fellesareal. Me meiner likevel at privat eigedomsrett er det som best sikrar ei forsvarleg forvaltning av naturområda.

SE HVA VI JOBBER MED

Last ned vårt program