Etne Høgre sin ordførarkandidat
Gjer deg betre kjend med vår ordførarkandidat til haustens val – Arild Stenberg!
Eg er Arild Stenberg, ordførarkandidat for Høgre. Eg har jobba i skuleverket i Etne i mange år, både i grunnskulen og i vidaregåande. I lange periodar jobba eg utanlands for norske hjelpeorganisasjoner og for FN-organisasjonane UNICEF OG UNHCR. Før eg blei pensjonist, var eg i fem år seksjonsleiar ved den norske seksjonen på ein vidaregåande skule i Lyon, Frankrike.
Eg har interessert meg for politikk heilt sidan eg blei medlem av Unge Høgre i Stavanger, der eg var med i styret i fleire år. Eg melde meg inn i Høgre i Etne då me flytta hit i 1982, og har sete i kommunestyret i to periodar, sist gong som gruppeleiar.
Interessen for politikk har også ført til at eg har fått høve til å delta som valobservatør i mange land rundt om i verda, mest i Afrika. For å kvalifisera meg til slike oppdrag har eg teke fleire kurs innan statsvitenskap ved Universitetet i Bergen, nå sist kurset «Demokratisering og demokratiassistanse». Foredragshaldarane er klare på ein ting: Demokratiet som styreform er i tilbakegang i mange land i verda. Det syner seg på mange måtar; m.a. er er valdeltakinga eit viktig mål for korleis det står til med demokratiet. Eg vil derfor oppmoda alle om å bruka stemmeretten sin, og vera med på å avgjera kven som skal styra kommunen dei neste fire åra.