Folketalsauke
i Etne kommune

Vår hovudsak i haustens kommuneval!

Dette er hovudsaka for Etne Høgre i kommunevalet.
Vekst i folketalet er eit hovudmål som ber i seg alle dei ulike delmåla som er lista opp i programmet vårt. 

Skal me få det til, må me ha hovudmålet i tankane når me skal utforma politikken vår i alle sektorane. For å få til ein folketalsauke er det for det første viktig at folk blir buande i kommunen. Me må ha ein politikk som gjer at Etne står fram som ein kommune det er freistande å bu og jobba i. Då må me ha tiltak som merkest i kvardagen: t.d. eit fleksibelt barnehagetilbod, ein god skule, eit allsidig fritidstilbod, eit rikt kulturliv, osv. Etne kommune er alt gode på desse felta, men me i Høgre vil vera med på å gjera dei betre. 

Neste punkt er å få folk til å flytta til kommunen vår. Dei same tiltaka gjeld her, men i tillegg må dei som skal flytta til kommunen, ha bustad og arbeidsplassar.
Me må ha fleire arbeidsplassar i heile kommunen, både i eksisterande bedrifter og i nyetableringar. Me må sørga for at det finst tilgjengelege industriområde, og me vil føra ein politikk som gjer at det blir freistande å flytta til kommunen vår og etablera seg her. Dette må me ha fullt fokus på i åra som kjem!

Det er ikkje nokon ny tanke – mange har snakka om dette før, men det som har vore av satsing, har vore tilfeldig, og folketalet har gått opp og ned. Det er heilt nødvendig å få vekst i folketalet, og tilveksten må vera stabil og varig. Fordi folketalsprofilen viser at det er for mange eldre og gamle i kommunen i forhold til talet på innbyggjarar i yrkesaktiv alder, er det viktig å få tilflytting av unge folk.

Den viktigaste målgruppa for denne satsinga er utflytta Etne-ungdom. Dei kjenner kommunen, dei har familie og vener her, og får me dei til å komma tilbake, er det stor sjanse for at dei blir her lenge. 

I arbeidet for å gjera Etne til ein meir attraktiv kommune vil me invitera dei unge med i prosessen og ta forslaga deira på alvor. Ingen veit betre korleis dei vil ha det i framtida enn ungdommen!