Valprogram
2023-2027

Sjå kva me går til val på i Etne i komande periode!

Etne inn i framtida

Etne ligg i utkanten av eit stort fylke. Likevel er det naudsynt å halda fram og vidareutvikla det interkommunale samarbeidet me har i regionen, også over fylkesgrensa. Me er ein distriktskommune med dei utfordringar som følgjer med.

Her kan du lese heile vårt valprogram:

💙 Folketalsauke i Etne kommune

Ungdomskandidatane til Vestland fylkesting på besøk i Etne våren 2023, saman med ordførarkandidat Arild Stenberg og Lars Olav Bergsvåg frå Etne Høgre.

Dette er hovudsaka for Etne Høgre i kommunevalet. Vekst i folketalet er eit hovudmål som ber i seg alle dei ulike delmåla som er lista opp i programmet vårt. 

Skal me få det til, må me ha hovudmålet i tankane når me skal utforma politikken vår i alle sektorane. For å få til ein folketalsauke er det for det første viktig at folk blir buande i kommunen, og me må ha ein politikk som gjer at Etne står fram som ein kommune det er freistande å bu og jobba i. Då må me ha tiltak som merkest i kvardagen: t.d. eit fleksibelt barnehagetilbod, ein god skule, eit allsidig fritidstilbod, eit rikt kulturliv, osv. Etne kommune er alt gode på desse felta, men me i Høgre vil vera med på å gjera dei betre. 

Neste punkt er å få folk til å flytta til kommunen vår. Dei same tiltaka gjeld her, men i tillegg må me ha bustad til dei som vil flytta til kommunen, og arbeidsplassar. Me må ha fleire arbeidsplassar i heile kommunen, både i eksisterande bedrifter og i nyetableringar. Me må sørga for at det finst tilgjengelege industriområde, og me vil føra ein politikk som gjer at det blir fristande å flytta til kommunen vår og etablera seg her. Dette må me ha fullt fokus på i åra som kjem!

Det er ikkje nokon ny tanke – mange har snakka om dette før, men det som har vore av satsing, har vore tilfeldig, og folketalet har gått opp og ned. Det er heilt nødvendig å få vekst i folketalet, og tilveksten må vera stabil og varig. Fordi profilen viser at det er for mange eldre og gamle i kommunen i forhold til talet på innbyggjarar i yrkesaktiv alder, er det viktig å få tilflytting av unge folk.

Den viktigaste målgruppa for denne satsinga er utflytta Etne-ungdom. Dei kjenner kommunen, dei har familie og vener her, og får me dei til å koma tilbake, er det stor sjanse for at dei blir her lenge. 

I arbeidet for å gjera Etne til ein meir attraktiv kommune må me få dei unge i tale, me må invitera dei med i prosessen og ta forslaga deira på alvor. Ingen veit betre korleis dei vil ha det i framtida enn ungdommen! 

💙 Oppvekst, kultur og fritid

Dei to skulane våre skal vera trygge skular der både elevar og lærerar trivst og har det bra. Me vil halda på den skulestrukturen me har i dag. Me vil også behalda den nåverande barnehagestrukturen, med kombinasjonen av offentleg og privat tilbod. 

Høgre vil ha ein kvalitetsskule der elevane får god fagleg og sosial lærdom og utviklar evner og lyst til å ta utfordringar. Høgre har høge ambisjonar for kvar enkelt elev. Me treng difor godt kvalifiserte lærarar, oppdaterte læremiddel og gode undervisningstilhøve. 

Me skal ha nulltoleranse for mobbing i barnehage og skule. Me skal halda fram som ein kommune der kulturelle aktivitetar er ein naturleg del av både skule og fritid.

Etne Høgre vil arbeida for:

  • Få psykisk helsearbeidar inn i skulen og helsestasjonen.
  • Arbeida for å gje eit utvida, fleksibelt SFO og barnehagetilbod til alle, slik at foreldra heile året får større valfridom til å velja det omsorgstilbodet som passar best for deira born. 
  • Bevara ungdomsskulen i Skånevik.
  • Vidareføra tiltak i skulen, som SLT og MOT.
  • Digitale læringsplattformer må vera tilgjengelege på nynorsk.
  • Gatelys på populære turvegar i Etne og Skånevik, t.d. Osnesvegen.
  • Organisert transport mellom Etne og Skånevik når det er arrangement for ungdom.
  • Det bør vera mogleg å byggja hus utanfor etablerte bustadfelt.

💙 Helse, omsorg og eldre

I alle fasar av livet skal du som innbyggjar oppleva god omsorg. Du skal ha ein fastlege å gå til, og me vil behalda dei to helsesentra me har. 

Det vert stadig fleire eldre i kommunen vår. Me vil fortsetja med førebyggande heimebesøk for eldre, der ein vil informera om kva tilbod kommunen har av tenester og velferdsteknologi, slik at du kan bu trygt i heimen din så lenge som mogleg.

Me vil arbeida for at det er nok institusjonsplasser til dei som treng det. 

Grunnbemanninga i Pleie og omsorg må vera slik at ein kan levera tenester av god kvalitet, dvs ikkje berre kunne dekka dei grunnleggande behova brukaren har. Du skal bli møtt av kompetent personale, der tenesta har fokus på fagleg oppdatering.

Rekrutteringsvansker til tenesta medfører at ein må arbeida for at tilsette får stillingsstørrelser dei kan leve av, og tilby eit fagleg og spennande arbeidsmiljø. Ei god grunnbemanning er avgjerande for å få ned sjukefråværet i sektoren.

Etne Høgre vil arbeida for:

  • Arbeida for å etablera bufellesskap for eldre.
  • Fullføra bufellesskap for personar med psykiske utfordringar.
  • Auka fokus på psykisk helse og rus blant eldre og yngre.
  • Etablera tilbod om skuletannlegeteneste i Skånevik. 

💙 Næring

Etne skal vera ein næringsvennleg og løysingsorientert kommune som legg til rette for nyskaping og utvikling. Verdiskapinga som skjer i små og mellomstore verksemder, er avgjerande for det lokale velferdstilbodet i kommunen. 

Samarbeid og dialog med næringslivet skal utviklast vidare, særleg når det gjeld inkludering og redusert sjukefråvær.

Det er viktig å ha tilgjengeleg næringsareal i attraktive område, med god tilgang til kommunikasjon. 

Etne Høgre vil arbeida for:

  • at alle initiativ blir tatt på alvor, slik at driftige menneske kan få høve til å skapa nye arbeidsplassar.
  • Å leggja til rette for vekst og utvikling i eksisterande og nye verksemder.
  • Å vera ein støttespelar i den lokale næringshagen. 
  • Å få ned eigedomsskatten.
  • Å etablera eit større næringsområde på Fikse.

💙 Landbruk

Etne er ein viktig landbrukskommune. Me skal jobba tett med bøndene og deira lag og organisasjonar, for å få til nytenking og vidareutvikling av eit aktivt landbruk i heile kommunen. Kommunen skal vera ein god støttespelar for å få til investering i landbruket. 

Me vil arbeida for å oppretthalda det tradisjonelle kulturlandskapet som er unikt for vestlandsbygdene.

💙 Samferdsle

Det er ein samanheng mellom gode kommunikasjonar og næringslivet sine evner til verdiskaping. Gode og trygge vegar er også viktig for at folk skal ønskja å busetja seg i kommunen. Me må òg sikra eit godt offentleg kommunikasjonstilbod.

E134 har stor trong for utbetring. Høgre vil arbeida for å få ei snarleg realisering av traséen Bakka – Solheim. Arm til Bergen vil styrka trafikkgrunnlaget på E134 over Haukeli, der det er viktig med vintersikker veg. 

Vedlikehald av kommunale vegar kan bli meir økonomisk forsvarleg med konkurranseutsetjing. For at kollektivtransport skal opplevast som eit reelt alternativ, må det finnast eit godt tilbod. Det gjeld både buss og båt.

Etne Høgre vil arbeida for:

  • Røldalstunnelen må realiserast snarast.
  • Hordfast er svært viktig for regionen vår.
  • Av fylkesvegar har Fv 48 mellom Skånevik og Håland førsteprioritet.
  • Høgre er positive til veg frå Frette til Sauda.
  • Arbeida for å få eit kollektivt arbeidsreisetilbod mot Haugalandet.
  • Sikra tenlege båtruter til og frå Skånevik.

💙 Reiseliv

Me vil bidra til å vidareutvikla Etne som reiselivskommune. Me har store attraksjonar i kommunen og i nabokommunar. Dermed har me eit stort potensiale som kan utnyttast betre. 

Etne, med Åkrafjorden og Langfoss som fyrtårn, skal vera utgangspunktet for fortsatt satsing på destinasjonsutvikling, med aktørar på topp internasjonalt nivå. 

Berekraft skal vera ein raud tråd, og produkt av høg internasjonal kvalitet skal knyttast til denne utviklinga.

Etne Høgre vil arbeida for:

  • Etablering av offentleg tømmestasjon for bubilar.
  • Jobba for nullutsleppsturisme i Åkrafjorden.
  • Me vil arbeida for å få oppretta ladestasjon i Skånevik. 

💙 Klima og energi

Klimaet er i endring. Gode tiltak handlar om berekraftig matproduksjon, noko som er meir aktuelt enn nokon gong, med den ustabile situasjonen i store matproduserande land i Europa. Etne må ta mål av seg til å bli ein klimaklok kommune som finn gode løysingar som bidreg til utsleppsreduksjon og samstundes kan spara oss for ekstra utgifter. 

Å leggja til rette for produksjon av grøn og fornybar energi er viktig, men vindmølleparkar vil me seia nei til.  

Me vil stilla oss positive til både utviding av eksisterande kraftverk og til framtidig skånsam utbygging av vasskraft. Etne har ein unik natur frå fjord til høgfjell. Dette mangfaldet er viktig å ta vare på, både no og i framtida.