Ti grunnar til å stemme Høgre i Giske kommune

Høgre sin visjon for Giske er eit samfunn med mulegheiter for alle

1. Giske – ei JA-kommune

Giske skal vere ein JA-kommune som folk vil trivast i og like å kome til. Vi skal vere stolte av heimstaden vår, og kjenne på eit sterkt tilhøyre til kommunen.

2. Høgre vil halde nivået på skattar og avgifter nede

Eigedomsskatten skal ytterlegare ned, og med tida fjernast. Kostnadane til private hushaldningar er generelt høge og avgiftene er venta å stige med store investeringar innan vatn og avløp framover. Giske Høgre vi derfor jobbe for å halde det totale skatte- og avgiftstrykket nede.

3. Ansvarleg økonomisk styring

Høgre vil sørge for ansvarleg styring, slik at kommunen over tid har ein berekraftig økonomi. Dette inneber at ikkje alle gode prosjekt kan realiserast, ein må prioritere dei lovpålagde oppgåvene først.

4. Vidareutvikle den digitale satsinga

Innføring av nettbrett i skulen var forløysande for mange barn si lese- og skrivelæring. No skal vi lære av erfaringane, og videreutvikle dei digitale hjelpemidla både innan oppvekst og andre tenesteområder. Det handlar om å ta i bruk tilgjengeleg teknologi for å oppnå betre tilpassa tenester og få betre utbytte av ressursane.

5. Psykisk helse for barn og unge

Høgre vil at lavterskeltilbod som psykisk helseteam for barn og unge må styrkast. Dette tilbodet er viktig for å ta brodden av problem i ein tidleg fase før det kan utvikle seg til å bli større og meir krevande, og slik at ferre fell utanfor.

6. Møte auka behov for helse- og omsorgstenester med nye løysingar

Vi lever lengre, og talet på eldre over 80 år skal doblast innan ti år. Dei aller fleste er friske og klarar seg godt sjølve, men mange treng hjelp i kvardagen. Høgre meiner at vidareutvikling av helse- og omsorgstenestene er naudsynt for å møte eit stadig aukande behov.

7. Kommunen på lag med næringslivet

Høgre skal gjere kommunen til ein medspelar for aktørar i næringslivet som satsar for å skape vekst og arbeidsplassar i vår kommune.

8. Kommunen som attraktiv arbeidsgjevar

Giske kommune er den størte arbeidsgjevaren i vår kommune, med eit femtitals ulike yrker og fagretningar. Høgre vil at Giske kommune skal vere ein god arbeidsgjevar for alle sine tilsette.

9. Hurtig og presis saksbehandling

Lange ventetider på søknadar avlar stort sett berre frustrasjon og auka kostnadar både for søkjar og kommune. Høgre vil at kommunen skal yte hurtig og presis saksbehandling, til det beste for alle involverte.

10. Ny politisk leiing

Med Høgre-ordførar får Giske ein ny kurs med tydeleg leiarskap som inviterer til samskaping på tvers av partigrenser, kommuner, nærlingsliv og frivillegheit. Vi skal utvikle samfunnet i fellesskap.

Fann du ikkje di hjartesak?

Høgre har mykje god politikk for Giske. Kanskje finn du noko om det du brenn for i programmet vårt?