Distriktspolitikk, landbruk og levande bygder. Det brenn Per for.

Eg heiter Per Steinskog og er så heldig å bu i Gjesdal kommune, nær sentrum på Gilja. Etter 3 periodar i kommunestyret er eg nå motivert meir enn nokon gong og stiller til val for Høgre ved årets kommuneval.

Det er mange viktige saker vi skal ta fatt på. Dersom eg skal plukke ut nokre særskilde, så må det være aktiv distriktspolitikk, ein god landbrukspolitikk som er med på å halde kulturlandskapet fint, og som gjer at vi har ein trygg og god matproduksjon i heile Noreg.

Samferdsel er og noko eg alltid har brunne for, med trygge gode vegar, både for bilistar og mjuke trafikantar.

Vi har i den seinare tid fått gjort mykje med fv 45, t. d. i Oltedalsbakkane og ved Dirdal kai. Det er flott at Høgre har på programmet at vi skal arbeide for ein standard med gul midtstripe på heile fv 45.

Ein aktiv god næringspolitikk er viktig , både i sentrale strok, men og med arbeidsplassar ute i distrikta. Dette fører til busetting og levande trygge samfunn. Denne tankegangen finn eg igjen hos Høgre

Men det er ikkje enkelt å dra fram saker som er viktigare enn andre. For å ha ein velfungerande kommune er det svært mange viktige saker å engasjere seg i, både store og små. Det er summen av dette som gjer ein kommune god å bu i. Slik skal vi utvikle Gjesdal vidare. Derfor er både eg og Gjesdal Høgre motivert for å vidareutvikle Gjesdal kommune i den komande perioden.


Med helsing og håp om eit godt val

Per Steinskog