Fekk sjå skadane i Ommedal og hos Br. Aa

I samband med Sandanedagane fekk Gloppen Høgre besøk av stortingsrepresentant Liv-Kari Eskeland og fylkespolitikar i Hordaland SveinHalleraker. I tillegg til å stå på stand i sentrum nytta vi tida til gode møter.

Sterke inntrykk i Hyen

I Hyen fekk vi omvising både hjå Br. Aa og garden til familien Rygg som begge opplevde at verksemdene deira vart hardt ramma av det voldsomme uveret 31. juli. Inntrykka var store begge stader og det var utruleg å sjå korleis jord, stein og vatn brått kan forandre eit landskap til det ugjenkjennelege. Sjølvsagt gjorde det inntrykk å sjå skadane, men pågangsmotet, optimismen og trua på framtida dei viste gjorde vel så sterkt inntrykk når ein kunne sjå kva dei trass alt nett har opplevd.

På vegen heimatt til Stord valde dei å køyre FV 615 om Hyen og Storebru. Dei forstod godt at denne vegen er kåra til Noregs nest verste veg, og at denne vegen er viktig for Br. Aa som har fabrikklokale både i Hyen og i Eikefjorden. Dette tek Halleraker med seg til sine «kollegaer» i samferdslepolitikken i Hordaland nå når vi går inn i Vestland fylke.