Demokratiet lever!

I sitt innlegg i FT tysdag 2. april kjem Jeffrey Thomas (SP) med så mange påstandar som er både direkte gale, og i beste fall unyanserte, at vi i Gloppen Høgre må kommentere nokre av desse.

Sentralisering

Forfattaren sjølv arbeidar i eit selskap som har vore gjennom store strukturelle endringar dei siste 10-åra. Eg har ikkje møtt ein einaste Gloppar som er negativ til at TINE har eit stort og moderne anlegg på Byrkjelo med mange arbeidsplassar. Jeffrey Thomas framstiller det som at slike strukturelle endringar skjer som følgje av at Solberg-regjeringa sentraliserer for harde livet. Politiske føringar og rammer har sjølvsagt betydning, men den teknologiske utviklinga vi har sett dei siste 10-åra er ein mykje større drivar enn kven som er statsminister i Noreg. Den teknologiske utviklinga både gjer og krev auka spesialisering. Også betre vegar, nye tunellar og bruer bidreg til sentralisering. Sentralisering såg vi difor også medan dei raud-grøne satt i regjering, då det ikkje berre er politiske mekanismer som påverkar dette, men også i stor grad økonomiske og teknologiske mekanismer. Man skal heller ikkje underslå at sentraliseringa også skjer på grunnlag av at mange ønskjer å bu i sentrale strøk. Dette er også eit kjenneteikn på eit fritt demokrati.

Politi og beredskap

Når det gjeld politireforma er det viktig å huske på at kriminaliteten har endra seg mykje dei siste åra. Ein stor del av den økonomiske kriminaliteten skjer no over internett, og også innan sedligheitsbrotsverk er ein betydeleg del flytta til internett. Dette bør sjølvsagt få betydning for korleis politiet er organisert og jobbar. Det er difor større fokus på å forebygge og avdekke IKT-kriminalitet. I 2018 er det blitt 2600 fleire tilsette i politiet. Dette svarar til ein realvekst på over 25%. Ca. 1500 av disse er tilsett ute i politidistrikta. PST, ØKOKRIM og KRIPOS er også betydeleg styrka. Vidare er det større krav til gjennomføring, ogkrava til kompetanse i politiet er auka. Store reformar og endringar vil føretil ulike utfordringar i ein overgangsperiode. Samfunnet endar seg, og skalpolitiet utføre samfunnsoppdraget sitt er det naudsynt at også dei endrar seg itakt med den generelle samfunnsutviklinga.

Kommuneøkonomi

Også når det gjeld kommuneøkonomi kjem Jeffrey Thomas med faktafeil. Fakta er at veksten i dei frie inntektene per innbyggar har vore nær dobbelt så høg som i den raudgrøne perioden. Resultatet av dette er at kommunane sine driftsresultat i 2017 og 2016 er dei beste sidan 2006, og talet på kommunar i ROBEK er det lågaste i historia.

Om vi ser på faktiske tal og samanliknar oss med til dømes Eidkommune og Stryn kommune synar tal frå KOSTRA (eitnasjonalt informasjonssystem som gir styringsinformasjon om kommunal og fylkeskommunalverksemd) at når det gjeld utgifter til kommunale helse- og omsorgstenester,driftutgiftar til grunnskulesektoren og netto driftsutgiftar til barnehage liggGloppen kommune desse kommunane. Dette kan det være mange (gode) grunnar til,men det er uansett eit resultat av prioriteringar. Det vert da feil å skylde påregjeringa at kommuneøkonomien er stram når vi veit at realveksten har auka ogvi kan sjå at vi ligg over kommunar som vi ofte samanliknar oss med.

Kraft

Når det gjeld fusjonar i kraftsektoren er dette ikkje avgjersler som vert tekne av regjeringa. Avgjerder omkring fusjonar vert beslutta av eigarane i selskapa etter at administrasjonen og styret har kome med sine tilrådingar. Når det gjeld nettleiga er det utval som ser på systemfeila, og det er venta at utvalet vil kome med sine tilrådingar til Stortinget til hausten.

Ein ting er vi i Gloppen Høgre einig med Jeffery Thomas i. Det er hans oppmoding om at vi alle tenkjer igjennom korleis vi ønskjer at vi skal ha det og at vi nyttar stemmeretten vår 9. september.

Beate Dybendal Nordvik

Ordførarkandidat Gloppen Høgre