Beate – Den dyktige kommunepolitikaren

Beate Dybendal Nordvik har vore ein synleg og tydeleg høgrepolitikar i Gloppen i perioden. No er ho klar for ny periode i Gloppen Kommunestyre.

Beate er 51 år gamal, og busett med mannen Håvard, og tenåringsborna Ruben og Charlotte i Bukta på Sandane. Huset ligg like ved vegen mot Veslevatnet, og Beate har difor kortreist veg for å dyrke friluftsinteressene sine.

Friluftsliv og idrett, kombinert med organisasjonsinteresse har m.a. ført til at ho er leiar i Sandane Turn og Idrettslag, og har full kontroll over den store aktiviteten i klubben. Ho har også vore leiar i Gloppen Idrettsråd. Ho er også med i styret for Nordfjordbrua.

Beate Dybendal Nordvik vaks opp i Bergen. Ho har budd fleire ulike plasser i Noreg, mellom anna budde ho 10 år i Vestfold, før ho kom til Sandane i 2010. Ho har lang og variert erfaring frå privat næringsliv og ulike frivillige lag og organisasjonar. Elles har ho brukt mykje av fritida på studiar. Ei utdanning tilsvarande bachelor i varehandelleiing, og ikkje minst ein master i samfunnsplanlegging frå Høgskulen i Volda, står på CVen.

Beate er glad i friluftsliv, spesielt i fjellet. – Eg har ikkje noko favorittfjell eller favoritt-tur, men likar å oppleve nye fjell og nye turar. Dei finaste sommarturane er Jardalen Rundt og til Eggenipa. På vinteren kjem ein ikkje utanom dei flotte områda på Utvikfjellet, meiner Beate.

-Eg er også glad i å være på hytta på Ål. Det er ein samlingsstad der eg er mykje saman med mine sysken og deira ektefeller og barn, og med mor. Der samlast vi som kjem frå Vestlandet med dei som bur på andre sida av langfjella. – Dessutan er eg så heldig at eg har en dotter som har arva hesteinteressa mi, og eg får vere ein del i lag med henne på Norsk Fjordhestgard på Breim.

Beate Dybendal Nordvik vil dei fleste kjenne som ein røynd og grundig politikar. Ho har gjennom perioden i kommunestyret vore ei klar stemme for «opposisjonen», og har gjeve det politiske fleirtalet i kommunestyret fleire utfordringar. Ho er no dagleg leiar i Gloppen Næringsorganisasjon, og kjenner godt til næringslivet og bedriftene i kommunen.

Politiske oppgåver for kommunepolitikarane i Gloppen kan vere mange. Det er mykje som hadde vore flott å få til. – Men den viktigaste oppgåva framover blir etter mi meining noko så kjedeleg som å ikkje bruke mykje pengar sjølv om det både er, og vil komme mange gode formål vi bør og vil bruke pengar på, seier Beate. – Vi har ein økonomisk situasjon som ikkje er berekraftig på sikt, difor er den viktigaste oppgåva å få god kontroll med økonomien.

Høgre bør i komande periode få utreia fordeler og eventuelle ulemper med 4 dagars skuleveke for de yngste elevane. Dette for å sikre at vi framover har ein skule som er organisert på ein best mogeleg måte.

Det er mange som på ulike vis er politiske førebilete i politikken for Beate. – Men, seier ho, i staden for å trekke fram ein eller to vil eg heller vil dra fram debattane som Gro Harlem Brundtland og Kåre Willoch hadde på 80-talet. Kåre Willoch først og fremst for sin enorme kunnskap og retoriske evne, Gro Harlem Brundtland som det forbildet ho var som kvinneleg statsminister, og måten ho løftet opp debatten om sjølvbestemt abort, og til slutt det å kombinere krevjande arbeid med familie.