Innspel til resolusjon om ambisjonane for Vestland Høgre
Offentlege arbeidsplassar innan energi- og kraftsektoren må lokaliserast der verdiskaping og kompetanse er.
Energi
Vestland blir ein region som står for ein stor andel av kraftproduksjonen i Norge. Vi ser at vasskraft står for den største andelen av kraftproduksjon, og er avgjerande for at vi skal nå FN sine bærekraftsmål og måla i Paris-avtala. I tillegg må vindkraft på land og til havs, solkraft, bølgekraft og vidare utvikling av hydrogen ha rammevilkår og Enova som drivkraft med på laget for å nå målsetjingane. Vi ser at vi har stor kompetanse gjennom eksisterande tradisjonelle kraftselskap på Vestlandet. Der blir også jobba godt i heile vår region med forsking og utvikling av ny teknologi som vil vere viktig for å løyse dei store klima-utfordringane i verda. Desse kompetansemiljøa må i oppstartsfasar kunne få støtte til forsking, innovasjon og etablering av klynger. Ved lokalisering av offentlege arbeidsplassar er det viktig at det offentlege er tett på der utvikling og produksjonen skjer. For å vere oppdaterte og tett på miljøet, er det derfor viktig at Statkraft, NVE og Enova utviklar lokalkontor og stadlege arbeidsplassar i Vestland fylke.
Vi vil også peike på følgjande konkrete tiltak for å sikre utbygging av lønsame kraftprosjekt:
- Viktig å sjå på ulike måtar å utjamne nettleige på
- Utbygging av vasskraft er viktig tiltak for å hindre flaum og oversvømmelsar
- Den totale belastninga av skatte-nivået for energiselskap er svært stor, og det er viktig å sjå alle i samanheng og at det totale skatte-trykket ikkje er til hinder for nye, store investeringar.
- Offentlege arbeidsplassar innan energi- og kraftsektoren må lokaliserast der verdiskaping og kompetanse er.
Reiseliv
Noreg har etablert seg som eit attraktivt reisemål, og fjordane våre er blant dei mest besøkte. (Her bør vi også finne fakta). Den store trenden i reiselivet er aktivitetsbasert turisme og her har vi eit stort potensiale. Forsking som Vestlandsforsking har gjort, viser at turistane hadde forventa å bruke meir pengar enn dei gjer på ferie i Norge, og at dei oppfattar naturen som lite tilgjengeleg. Derfor er det viktig at vi jobbar med å få opp kompetansen, sertifisering og tilgjengeligheten til fjordane og aktivitetane våre. For å få dette til, er det viktig at vi jobbar aktivt for å få heilårs-turisme.
Vi vil peike på følgjande konkrete tiltak for å utvikle reiselivet i Vestland:
- Støtte-ordningar for infrastruktur-tiltak i overgangsfase for å legge til rette for heilårsturisme
- Innovasjon Norge sine tiltak mot reiselivet må også sjå reiseliv og folkehelse-arbeid i samanheng. I samarbeid kan ein etablere heilårsarbeidsplassar
- Mange reiselivs-bedrifter er små og har lave marginar. Gjennom Innovasjon Norge må det jobbast aktivt for å lage klynger i regionar som kan samarbeide om booking-system og marknadføring.