Takk for at du stemte på oss!
Kjære innbyggar.
Takk for at du stemte Høgre både i lokalvalet og i fylkesvalet. Anders Riise fekk mange stemmer i Hareid og dette var avgjerande for at han i dag er fylkesordførar. Det takkar vi særleg for. På Hareid var vi og INP einaste som ikkje tapte representantar.
Vi skal etter beste evne søkje samarbeid og vere konstruktive samt gjere ein god jobb for deg og innbyggjarane i Hareid.
Torsdag 26. oktober 2023 vart Hareid kommunestyre 2023-2027 konstituert. Vidare vart det fordelt plassar i andre utval.
For Høgre i kommunestyret er Ole Frank Bakken og Robert Flø. For å sikre best mogleg representasjon har vi saman med INP og Ap levert felles liste til formannskap og utval.
Vi har på bakgrunn av godt samarbeid med denne koalisjonen fått inn;
Formannskap: Ole Frank Bakken, fast medlem og Robert Flø som 3. vara.
LKU: Vanja Myrvang som fast, Wenche J. Jøsok som 2. vara og Roger Elevebu som 5. vara.
NMU: Wenche Johanne Holstad Jøsok som fast, Kai Endre Stridh som 3. vara og Turid Muren som 5. vara.
Kontrollutvalet: Håvard Alvestad som fast medlem
Valstyret (som styrer og kontrollerer lokalval): Ole Frank Bakken som fast
Valutvalet (som foreslår representantar i lokale styre og utval): Wenche J. Jøsok som fast, Ole Frank Bakken som vara.
Vi må takke INP og Arbeidarpartiet for godt samarbeid i denne prosessen. Koalisjonen fikk ikkje 3. plassen i FSK (ein til kvar av Ap/H/INP) eller noko leiarverv i utval som vi ville, men er positive til at vi har fått 2 ekstra plassar i LKU/NMU. Som samla opposisjon skal vi gjere vårt beste for å belyse, utfordre og løfte saker til politisk handsaming i Hareid kommunestyre.
Vi har gruppemøte måndagar kl 19 00 før kommunestyremøte, møterom Kvitneset (inngang gamle tannlegedøra)
Ta gjerne kontakt med oss. Vi er valgt inn og skal vere ombodsmenn for akkurat DEG.
Hareid Høgre