Viktig for Hareid å ha politisk nettverk!
Hareid var på Robek i 14 år. Det var på Høgre si vakt vi saman med andre dyktige politikarar kom oss ovanpå og fekk tilbake vår handlefridom i 2017. Anders var ordførar og Ole Frank gruppeleiar for Høgre i den perioda. No er Anders fylkesordførarkandidat og Ole Frank ordførarkandidat i Hareid.
Begge peikar på at det er viktig at Hareid kommune har nettverk utover kommunen. Begge er tett på Høgre sine lokallag, M&R Fylke, Mørebenken og Høgre si Stortingsgruppe. Det handlar om enkelte tenestesamarbeid, men også prosessar og kampen om statlege og fylkeskommunale midlar, samt hjelp og støtte til ulike prosjekt i Hareid. Kontaktar og nettverk er viktigare enn nokon gong i politisk leiing.