Eg – i politikken?
Det gir inspirasjon å vere med i politikken, seier Marie Storhaug i denne artikkelen, og oppfordrar andre til å engasjere seg; vere med og dra lasset i lag.
«Eg vil heim og sjå ein solnedgang på Jæren», denne songen starta på sett og vis mitt lokale engasjement.
Etter kjekke studieår i Oslo var det godt å koma heim, her venta arbeid og snart familieliv. Når ein bur vekke, lærer ein seg å setta større pris på det ein har. Høg himmel, frisk luft og vind i håret. Eg var stolt Jærbu og glad i heimplassen min, opptatt av dei og det rundt meg. Sjølv om dagane som småbarnsmor blei travle, var det naturleg å engasjera seg i frivillig arbeid gjennom lag og foreiningar og i lag med andre stå på for fellesskapet i konkrete saker som barnehage, ballbinge og tunell.
Gjennom dette arbeidet lærde eg både administrasjonen og politikarane betre å kjenna. Det gav lyst og inspirasjon til å ver med meir og var årsaka til at eg takka ja til å stå på Høgre si liste i 2011. Det å ver folkevald er ei spennande og viktig oppgåve. Kommunane er grunnmuren i det norske folkedemokratiet og dei folkevalde er ombodsmenn og ombodskvinner for folket. Eg brenn for Klepp og gode tenester for innbyggarane. Er opptatt av å gjere ein god innsats og vere ein god ambassadør for folk.
Engasjer deg du og – ver med og dra lasset i lag!