Ein forsmak på programmet til Klepp Høyre

Programmet vårt vil snart bli grundig presentert her på nettsida. Men som ein forsmak presenterer vi nokre av sakene våre for neste periode.

Klepp Høyre vil at Klepp skal vere ein attraktiv plass å vekse opp, bu og arbeide i, og bli gamal i. Det skal vere muligheter for alle i eit varmt og inkluderande samfunn med omsorg for dei som treng det. Me vil vere ein kommune der me seier JA når me kan og NEI når me må. Me vil vere klar for å møte nye og ukjente behov i framtida.

Næringsliv

Me vil at næringsareal må nyttast effektivt slik at bedrifter kan etablere og utvikle seg.

Me vil ha samarbeid mellom jærkommunane for utvikling av næringslivet.

Landbruk

Klepp er ein stor matkommune. 68% av arealet i Klepp er fulldyrka. Den jorda må me ta vare på! Me vil støtte opp om utvikling og innovasjon i landbruket.

Å vekse opp i Klepp

Klepp skal vere ein trygg kommune å vekse opp i. Klepp Høyre er opptatt av at dei som treng hjelp, blir oppdaga og får hjelp så tidleg som mulig.

Me vil ha ny skuleløysing på Orstad.

Me vil styrke helsesjukepleietenesta på ungdomsskulane og me vil ha eit lågterskeltilbod for unge innan psykisk helse.

Der folk bur

Klepp Høyre er opptekne av at ungdomen skal kunne kome heim frå studier og bu i si eiga bygd. Likeeins at dei som overlet garden til yngre generasjonar skal kunne bu i leilighet i eiga bygd om dei vil det.

Me vil samarbeide med ideelle og private aktørar for ei meir aldersvenleg bustadbygging i Klepp.

Miljø og klima

Klepp Høyre vil arbeide for å gjere det lettare å velje grøne løysingar.

Me seier NEI til monstermaster!

Kultur, idrett og fritid

Det blir utført fantastisk mykje frivillig arbeid i idretten, friluftslivet, kulturlivet og frivilligsentralen. Det er viktig at økonomisk situasjon og sosial bakgrunn ikkje skal hindre nokon i å delta og bidra.

Me vil bygge fleirbrukshall i sentrum: eit lågterskel idretts- og aktivitetshus for unge og eldre.

Tryggleik og omsorg

Klepp Høyre ønsker eit mangfald innan velferdstenestene, skapt i eit samspel mellom brukarar, pårørande, frivillige, private og kommunen.

Me vil ha gode fleksible tenester som endrer seg i takt med brukarane sine behov.

Ved hjelp av dei mange friske eldre som bur i Klepp vil me utvikle frivilligtilbodet vidare.