Helse og velferd i ei ny tid
Helse ogvelferd i ei ny tid – Kvardagsrehabilitering
Klepp kommune hargode helse og velferdstenester. Dyktige tilsette gjev av seg sjølv og legg si ære i arbeidet.Klepp Høyre vil arbeida for at Kleppkommune og i framtida skal ha gode tenester. Tenestane lar seg vanskeleg måla ikroner og øre. Kvalitet – det er mi ogdi oppleving av å stå i sentrum, av å bli høyrt og av å få hjelp når me trengdet.
KleppHøyre har fått bidra aktivt med å stake ut kursen for den strategiske planen Taktskifte. Høyre har hatthovudutvalsleiar i perioden som og var politisk representant i overordnaplangruppe . Planen er laga for, og i lag med brukarane. Me står framfor ein ny tid med nye utfordringar. Kommunenmå i lag med innbyggarane tenka ut ,skapa og finna nye vegar å gå innan helse og velferd. Retninga i Taktskiftet kviler på ein solidgrunnmur av 7 satsingsområde:
Brukarmedverknad
Familie og nettverk
Frivillig innsats
Velferdsteknologi
Samhandling
Tidleg innsats og førebygging
Nye arbeidsmåtar
Klepp Høyre vil satsa aktivt på kvardagsrehabilitering,arbeida for meir forebygging og meir hjelp til sjølvhjelp. Utgangspunktet er atme alle ynskjer å bu heime så lenge helsa tillet det. Me vil vera herre i eigehus og i eige liv. Tradisjonelt har brukarane fått gradvis meir og meir hjelpfrå kommunen, etter kva kommunen kan tilby. Med kvardagsrehabilitering snur einpå det. Du som bur heime og plutseleg får behov for hjelp får spørsmålet: Kva er viktigast for deg å klara? Kvakan me hjelpa deg med å trena opp? Kva skal til for at du kjenner deg trygg ogaktiv?
I løpet av fire veker blir det pøst på medtrening, motivasjon og støtte frå dyktige fagfolk frå kommunen. Deltakaren ståri sentrum og blir fulgt tett opp. Livskvalitet gjennom mestring og aktivitet. Sluttrapportenfor Kvardagsrehabilitering viser at heile 93% av dei som søker om tenester forførste gong klarer seg heilt utan hjelp frå kommunen etter avslutta trening.Når ein ser dei som søker om tenester for første gong saman med dei som hartenester frå før er det fortsatt imponerande 77% som klarer seg utan hjelp ellermed mindre hjelp enn dei gjorde før. For alle dei det gjeld er dette ein storseier.
KleppHøyre veit at kvardagsrehabilitering ikkje passer for alle og vil arbeide forat det skal vere nok dagplassar og sjukeheimsplassar til dei som treng det.Klepp Høyre har tru på at god samhandling og ein kombinasjon av tenester er tildet beste for brukaren og vil arbeide for at enkeltmennesket står i sentrum.
Godt val