Politikk

Kvam herad skal i tillegg til lovpålagde oppgåver og servicetilbod til innbyggjarane arbeida aktivt for og auka folketalet, sysselsetjing og verdiskaping i næringslivet. For å auka interessa for Kvam som etablerarstad med bustadbygging og auka næringsverksemd, er arealdisponering og eit godt vegnett internt og inn og ut av heradet avgjerande.

Våre hovedsaker

Hardangerbadet

Kvam Høgre er positive til realisering av Hardangerbadet med avgrensa kommunal risiko.

Utvikling

Kvam Høgre skal vera ein aktiv pådrivar for utviklinga av nye regulerte urbane buområde mellom sjøen og Fv.7 på Stronde i Øystese og Straumbrua til båthamna i Norheimsund.

Strandebarmsheimen

Kvam Høgre vil arbeida aktivt for Strandebarmsheimen og auka kapasiteten for framtidig aldersbølge

Hardinghuset

Kvam Høgre vil arbeida for statleg og regional finansiering slik at Hardinghuset kan realiserast.

SE HVA VI JOBBER MED

Last ned vårt program