– Vi må vera meir på hogget

(Denne saken er henta frå Kvinnheringen)
Det var beskjeden frå Silvia Tofte (H) då merkevarebygging av eigen kommune vart eit tema i kommunestyret torsdag 25. Mai.

– Dette med merkevarebygging og å kommunisera ut alle dei gode grepa vi har gjort i kommunen, er viktig. Og her tenker eg at vi har endå meir å gå på. Vi må spreia det, men det er ikkje nok, sa Tofte og la til at ein med dagens bruk av heimekontor, nesten kan jobba frå kor som helst i landet.

– Det er ei rivande utvikling, og vi veit ikkje kor denne utviklinga vil enda. Men det som er heilt sikkert er at det berre vil bli meir og meir fleksibelt kor du jobbar. Så vi som kommune må vera meir på hogget og ha ein tydeleg strategi på merkevarebygging. Vi må vita kor vi skal og kva vi vil, og då er det ikkje snakk om å laga ein flyer med fine bilde av kommunen. Vi må vera i sosiale medium, vera tydelege og visa kvardagen vår. Dette er ikkje noko vi løyser på kort tid, det må vera eit langsiktig arbeid og følgjast nøye opp.

Me synes vår tredjekandidat Silvia Tofte er heilt på ball!
Denne artikkelen er henta frå Kvinnheringen. Resten av saka kan lesast her.

Foto: Marius Nissestad