Høyringsuttale frå Kvinnherad Høgre

Kvinnherad kommune leverer rundt 3% av all vassprodusert energi i Noreg.

Kvinnherad Høgre ynskjer heller at ein endrar skattereglane slik at det vert lønsamt å oppgradera og utbeta allereie eksisterande grøn fornybar energi som vert henta ut av naturen her i kommunen. Då vil ein kunne henta ut meir energi på eksisterande anlegg. Dette i staden for å subsidiera øydelegging av urørt natur.

Kvinnherad Høgre meiner norsk natur vil verta ein endå viktigare resurs for resten av Europa om ein tek vare på den urørte delen slik den er i dag. Folk frå Europa vil valfarta langt for å kunne „lada sine batteri“ i slik urørt natur.

Kvinnherad Høgre meiner at ein vil skapa fleire arbeidsplassar og meir inntekt ved å vidareutvikla vår allereie gode reiselivsnæring. Grunneigarar må kunna ha inntekter på sine gardar og då mei ein heller legge til rettes for at ein kan ha fleire utleige einingar.

Kvinnherad Høgre meiner ein ikkje kan spela med verdiane i naturen, både faunaen og floraen, når dette vil påverka mange raudmerka planter og dyr.

Kvinnherad Høgre meiner at den kulturhistoriske biten me har ansvar for å vidarebringa seier at me må vera varsame med å forureina synsranda langs heile Sunnhordalandsbassenget og Hardangerfjorden med vindturbinar langs kyst og fjell.

Kvinnherad Høgre er i mot vindturbinar på land.