Guttorm Hagen og Ørsta Høgre ønskjer å setje fokus på flaum- og skredsikring- spesielt på Liadal og i Ørsta sentrum.

– To tiår etter storflaumen er vernet framleis ikkje godt nok

Guttorm Hagen

Flaum- og skredsikring i Ørsta

Ørsta Høgre vil arbeide for vidare utbygging av skredvern i utsette område. Nye område kan frigjevast til bustadbygging og næring om områda vert sikra.

Ørsta Høgre vil også arbeide for vedlikehald og forsterking av flaumsikring av elvar. God førebygging utgjer god samfunnsøkonomi i staden for å vente til nye skadar skjer.
Ørsta kommune har innhenta denne rapporten frå NVE:
Rapport nr 232015 Skredfarekartlegging i Ørsta kommune
Snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred, flomskred: «8.5.6 Sekundæreffekter

Skred som treff Liadalselva har tidligare ført til flaumliknande situasjonar i Liadal. Det er historiske opplysingar om stor transport av tre og lausmassar i elva, og oversvømming av Liadal sentrum (Håvoll). Vi vurderer flaumsikringa i sentrum av Liadal som utilstrekkeleg til å handtere ei flaumstor elv med stor massetransport. Det er spesielt området oppstraums for den øvre brua som er kritisk for sikkerheita til bygningane på Håvoll.»

I august 2003 var det skadeflaum i og kring Liadalselva. Styrtregn førde til at elva vart svært stor, og det var ein liknande storflaum i 1903. I NVE-rapporten gjeng det fram at flaumsikringa ikkje er god nok, noko som er eit alvorleg avvik. Avviket er ikkje utbetra.


Ørsta kommune bør vere pådrivar for å få utbetre og forsterke flaumvernet. Lenger framme bør det vurderast å etablere massebasseng. Lenger framme i dalen ligg det framleis mykje stein og lausmassar som kan verte ført ned i nye flaumar.
Denne augustkvelden og natta var også Vikelva flaumstor og det var like før ho rann over vest for Olavsgata. Det gamle flaumvernet og elvebotnen må synfarast frå Ørsta kyrkjegard og oppover, og storvaksen skog som veks ut frå elveførebygginga må fellast. Om store tre vert rivne med i flaumen kan røtene og trea verke som ei brekkstong på steinblokkene i førebygginga. Truleg bør flaumvernet forsterkast nokre stader.

Då det var flaum i Vikelva kunne eg høyre og kjenne at fleire store steinar vart førde med flaumen nedover under brua i Håkonsgata. NVE si kartlegging tilseier at elveløpet er utsett for sørpeskred og flaum, heilt ned til kyrkjegarden.

Med flaum- og skredsikring kan noverande og framtidig busetnad og infrastruktur sikrast. På den måten kan nye areal frigjevast til buområde, utan å kome nemnande i konflikt med jordvern.

Ørsta kommune bør nytte NVE-rapporten aktivt. Denne rapporten bør ikkje berre nyttast til å gje avslag på ulike søknader.
Eigna overskotsmasse kan nyttast til skredvern.
Viktige bruer som E39brua i Barstadvik bør kontrollerast og styrkast slik at dei toler stor flaum, stein, store tre og is som verte førde nedover med flaum.
I 2003 vart riksvegbrua skadd i Liadal og det vart sett opp ekstraferje mellom Rjånes og Volda. Om ei E39-bru i Ørsta vert skadd av ny flaum vil det straks medføre store konsekvensar.
I 2003 kom det styrtregn i fleire område. Om det kjem styrtregn og det vert snøsmelte samstundes kan situasjonen verte meir alvorleg.