10 gode grunner til å stemme på Ørsta Høgre

Ein skule der alle kan lukkast

Ørsta Høgre vil ha ein skule som legg vekt på fagleg utvikling og sosial meistring. Skulen skal sjå kvar elev, og gi dei like mogelegheiter til å utvikle evnene og realisere draumane sine. Vi vil prioritere tidleg innsats, fleire dyktige lærarar og gode skulebygg.

Leve heile livet

Ørsta Høgre vil at alle eldre kan ha eit aktivt og sosialt liv og legge til rette for fleire gode aldersvennlege møteplassar. Det skal leggast til rette fleire sentrumsnære bustader, med livsløp standar. Pleietrengande eldre skal møte ei kompetent helseteneste som gir dei valfridom og medbestemmelse.  Vi vil at eldre skal få være sjef i eige liv og sjølv få velje mellom kommunale eller private tenester.Dette vil vi gjøre

Ein familievennleg barnehage

Ørsta Høgre vil ha eit meir fleksibelt barnehageopptak slik at alle kan få ein barnehage plass nær der dei bor, når dei treng det. Vi vil utvide opningstidene i dei kommunale barnehagane slik at dei er tilpassa barnefamiliane sine behov.Dette vil vi gjøre

Styrk tilbodet til dei som slit med psykisk helse og rus

Ørsta Høgre vil at alle skal få hjelp når dei treng det. Ungdommane våre skal ikkje møte ei stengd dør når dei tek kontakt med helsestasjonen. Helsestasjonen for ungdom må gjerast meir tilgjengeleg både når det gjeld opningstider og på digitale flater. Høgre meiner også at dei som slit med psykisk helse og rus må få tilbake tilbodet om fritt brukarval, slik at dei kan få raskare hjelp og ei behandling som passar dei.Dette vil vi gjøre

Kultur, idrett og frivilligheit

Ørsta Høgre ønskjer eit inkluderande og breitt kultur- og idrettsliv. Frivillige organisasjonar er bærebjelken i lokalsamfunna våre. I ei tid då mange slit med å få endane til å møtest, så vil vi at alle barn og unge i Ørsta skal kunne delta på minst ein fritidsaktivitet kvar veke.Dette vil vi gjøre

Vi er på lag med dei som skaper arbeidsplassar

Ørsta Høgre vil gjere kommunen til ein framover lent og aktiv støttespelar for dei som skaper verdiar og arbeidsplassar i Ørsta. Vi vil jobbe aktivt for å gjere det lettare å utvikle og etablere ny næringsverksemder i Ørsta.Dette vil vi gjøre

Ørsta – regionsenter på søre Sunnmøre

Ørsta Høgre skal jobbe for å utvikle Ørsta vidare i trå med vedtekne arealplanar. Vi er positive til dei ambisiøse byggeplanane i Ørsta-sentrum, og meiner dette vil ha stor betydning for å styrke Ørsta som ein attraktiv og sentral møtestad for folk, næringsliv, handel og kultur.Dette vil vi gjøre

Ei JA-kommune

Ørsta Høgre ønskjer at kommunen skal verte meir serviceorientert og effektiv. Vi ønskjer raske svar og ei positiv grunnhaldning til dei som tek kontakt. Vi vil gjere det lettare å ta kontakt, få informasjon og sørge for at fristar for sakshandsaminga vert følgt.Dette vil vi gjøre

Miljøfyrtårn

Ørsta Høgre vil gjere kommunen til ei Miljøfyrtårn-kommune. Det vil auke miljøkompetansen, redusere miljøbelastningane av kommunale aktivitetar og bidra til at Ørsta kommune tar eit større ansvar i utviklinga av eit meir miljøvennleg samfunn.Dette vil vi gjøre

Trygg styring

Ørsta Høgre vil alltid stå for ein heilskapleg og berekraftig økonomiske politikk for Ørsta. Vi vil alltid handsame skattebetalaren sine pengar med respekt. Etter ei periode der både gjeld og rentekostnadane har auka så må vi jobbe smartare og ha tydlegare prioriteringar innad i kommunen.Dette vil vi gjøre