Fem gode grunnar til å stemme Sande Høgre
1. Gjenvinne økonomisk kontroll og styring
Altfor ofte blir vi overraska over kostnadssprekkar i høve til budsjett og tidlegare prognosar. Kostnadsutviklinga syner også at vi for tida brukar langt meir enn det vi får av inntekter. Dette er ikkje berekraftig over tid.
Vår ambisjon er å ha ein meir open dialog mellom politikk og administrasjon, det vere seg i hovudutval, formannskap og kommunestyre.
Vi er nøydde til å finne dei beste tenestene for våre innbyggarar innanfor økonomiske rammer. Dette krev felles prioritering, styring og oppfølging.
Investeringsprosjekt skal ha ei tydeleg prioritering der kost-nytte vurderingar må vere ein sentral del av grunnlaget. Vi skal ha på plass faste rutinar og malar for prosjektrapportering.
2. Rekruttering for framtida
Tala viser at vi har lukkast med positiv folketalsutvikling i Hallebygda og Haugsbygda. Næringsliv og patriotkapital investerer i heile Sande. Dessverre opplever vi ofte at det er for vanskeleg å nå tak i gode tomter og/eller ledig plass i barnehagen der ein vil bu.
Vi skal utvikle gode strategiar og handlingsplanar som effektivt legg til rette for dei som vil satse i Sande. Vi skal spele på lag med alle krefter – offentlege og private – for å skape bulyst og framtidstru i heile kommunen.
Vi skal prioritere arbeid med planverk, satsingar på byggeklare tomter, ledige leiligheiter/gjennomgangsbustader, ledige barnehageplassar med fortløpande opptak og ein best muleg skulekvardag, i alle bygdelag. Våre skuleelevar skal sleppe å møte toalett frå 70-talet. Investeringsmidlar må også kome våre unge sine arenaer til gode.
På øyane må planar vike for Statsforvaltar eller «fuglar og lyng». Vi seier nei til at Ristesund skal bli eit einaste stort naturreservat.
Med å dekke kr. 30 000,- av studiegjelda til ny-etablerarar vil vi vere tydelege på at vi skal strekke oss for å få folketalsutviklinga på rett veg i heile kommunen.
3. Bygge samferdsel som høyrer no-tida til
Tilbodet med to ferjer auka «opningstidene» for å kome seg til og frå øyane – eit tideskifte. Så viser det seg at tilbodet er kortvarig i lag med signal om ytterlegare rutekutt. Våre kollektive løysingar dekkjer verken behovet til næringslivet eller til unge og eldre som ønskjer å kome seg rundt mellom bygdene.
Vår ambisjon er at vi skal få rutetilbod med hyppigare avgangar og korrespondanse både internt og ut av kommunen, og som vi kan stole på er der også for framtida.
Vi skal jobbe for times-avgangar med ferjene slik vi har det i dag og vi skal sjølvsagt stå på for snarleg gjennomføring av Sande fastlandssamband.
Vi vil arbeide for innføring av ordning med bestillingsdrosjer.
4. Ja til næringslivet
I det siste har vi fleire dømer på bråe og store omleggingar i skattepolitikken som råkar vårt lokale næringsliv. Auka skatt på arbeidande kapital og innføring av grunnrenteskatt på havbruk. Dømer på andre utfordringar er at ein anke på løyve til ein oppdrettskonsesjon tok mange år å få avklara. Statsforvaltaren kan også stikke kjeppar i hjula for tiltak vi lokalt har sagt er gode og fornuftige.
Vår ambisjon er å vere den offensive og framoverlente medspelaren i lag med næringslivet og den offentlege og politiske forvaltninga. Både lokalt og nasjonalt skal vi stå på for næringslivet sine rammevilkår. Vi skal vere på ballen, og vi skal ikkje gje opp før den hamnar i mål.
Vi treng eit aktivt Sande næringsforum og i lag med med næringslivet vil vi skipe «Sande-konferansen». Den skal vere ei samlande og opa mønstring av vårt lokale næringsliv og kommunen sine mange tenester og mulegheiter. Vi trur at ved å stå samla vil vi bidra til rekruttering og deling av kunnskap på tvers om alt det spanande som skjer i vår eigen kommune.
Vi skal invitere og synleggjere Sande sitt Ja-lag.
5. Best for eldre
Altfor ofte får eldrebølgja og aukande levealder eit negativt tonelag. Vi høyrer om kapasitetsutfordringar innan pleie og omsorg og at det gir auka kostnader for kommunen. Høgt sjukefråver er ei utfordring i denne delen av våre tenester.
Vår ambisjon er å sjå mulegheitene for denne delen av våre innbyggarar. Og at vi over tid oppnår eit sjukefråver som er meir på linje med resten av arbeidslivet. Vi trur nøkkelen er å vere best på dialog og samhandling med brukarar og tilsette. Vi vil jakte fakta og kunnskap både internt og eksternt for utvikle dei beste løysingane våre i lag.
Gjennom både tidleg kartlegging og løpande dialog bidreg vi til lengst muleg trygg alderdom heime i eiga bygd. Vi skal omgå omsorgsfella ved tydelege tildelingskriterier som sikrar at dei som verkeleg treng tenestene får dei. Vi skal ha god tilgang til ergoterapeut, fysioterapeut og rehabilitering.
Vi skal følgje opp kvalitetsreforma Leve heile livet, som handlar om mat, aktivitet og fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenestene.