Politikk
Høgre skal stå på vidare for bygdene i Sande, for vår plass i regionen, fylket og landet, og vi vil vere gode ombodskvinner/-menn for innbyggarane i kvardagen. Vi har stor tru på Sande-samfunnet!
Se hva vi jobber med gjennom vårt partiprogram
Klikk deg inn på de ulike kapitlene for å lese hva vi jobber med.
Vi trur på Sande
I botn for vårt program ligg vidareføring av arbeid med tilrettelegging for verdiskaping, busetjing i attraktive og inkluderande lokalsamfunn. Sande kommune er ei sterk næringskommune og i arealplanen som vart vedteken tidleg i inneverande periode er det lagt stor vekt på vidare utviklingsrom for næringslivet og for utvikling av attraktive bustadareal.
Noko som alt har resultert i mange nye reguleringsplanar og tiltak frå næringsliv og kommune. Herunder fleire gjennomførte og varsla nysatsingar i næringslivet, reguleringsplanar for tre nye byggefelt og gjennomført utviding av eit fjerde. Byggeaktiviteten med renovering av eldre bustader og bygging av nye, er høgare enn på lang tid. Og vi ser at satsinga på gjennomgangsbustader har stimulert til vidare bustadbygging.
Høgre vil lytte til innbyggarane, ta utfordringar på alvor, aktivt søkje mulegheiter, og vere pådrivarar for gode løysingar. Denne arbeidsmåten har gitt mange og gode gjennomslag. Som gangveger langs fv 61; Larsnes-Breivikneset og Almestad-Vågen, gryande gjennomslag for betre ferjeordning, ny miljøstasjon i Myklebustmyrane, hamneprosjektet i Gjerdsvika. Det har heller ikkje vore så verst med framtidsretta satsingar i kommunal regi dei siste åra. Som; Sandetunutbygginga, nye omsorgsbustader, fleirbrukshall, ny vassforsyning til Larsnes, hamna i Haugsbygda, ny brannbil, ambulansekaier, Sjøkanten på Larsnes, Larsnes Brygge, topp oppgraderte barnehagar – Hauemarkja og Haugelia, fiber til øyane, utvendig renovering av Gursken kyrkje, utviding byggefelt, m.m.
Fleire av tiltaka er gjennomførte på suksessformelen: samarbeid kommune, næringsliv, frivillige.
Høgre skal stå på vidare for bygdene i Sande, for vår plass i regionen, fylket og landet, og vi vil vere gode ombodskvinner/-menn for innbyggarane i kvardagen. Vi har stor tru på Sande-samfunnet!