1. Ein oppvekst med meistring og læringsglede
Høgre vil at barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår med gode tenester som helsestasjon, barnehage og skule. Arbeidet med å samle dei tre skulane i sentrum,samt kulturskulen til ein skule, er viktige grep for å sikre kvalitet. Høgre ønsker å gjere tilsvarande grep med dei kommunale barnehagane i sentrum.
Private barnehagar og skular tilfører kommunen eit mangfald, og er noko som Høgre er positive til.
Vi vil arbeide for at alle born har trygg skuleveg der gang- og sykkelveg blir prioritert.
Læraren er den viktigaste enkeltfaktoren for elevane si læring. Dei må ha tid til å sjå
kvar enkelt elev slik at dei kan gi tilpassa undervisning. Høgre ønsker to pedagogar i kvar klasse på dei lågaste trinna på barneskulen.
Det kommunale symjeanlegget i sentrum er over 50 år og må erstattast. Høgre vil arbeide for at nytt symjeanlegg –Alpebadet – blir realisert.
Det er viktig for Sykkylven å ha ein vidaregåande skule, og Høgre vil arbeide for at vi har ein vidaregåande skule med utdanningsprogram som er attraktive for elevane og tilpassa næringslivet.
2. Heilskaplege helsetenester – ei trygg og verdig eldreomsorg
Høgre vil ha ei god og verdig eldreomsorg med bl.a. fleire og meir differensierte aktivitetstilbod til personar med demenssjukdom. Høgre vil at talet på plassar i sjukeheim skal dimensjonerast utifrå behov.
Det er store rekrutteringsutfordringar innan helsetenestene. For å løyse dette, vil Høgre bl.a. sjå på nye måtar å gjere oppgåver på, i samsvar med Helsepersonellkommisjonen sin rapport «Tid for handling».
Høgre vil arbeide for å sikre ei framtidsretta og fagleg sterk legeteneste. Målsettinga må vere å få på plass eit distriktmedisinsk senter.
Pårørande gjer eit viktig arbeid, og dei må ivaretakast på ein god måte. Høgre vil at kommunen skal utarbeide ein Pårørandeplan.
Høgre vil arbeide for å sikre eit godt tilbod innan kreftomsorg, der bl.a. kreftkoordinator er ei viktig teneste.
Vi vil legge til rette for at det blir bygd fleire omsorgsbustadar i sentrum.
3. BEREKRAFTIG KOMMUNEØKONOMI UTAN EIGEDOMSSKATT
Høgre vil arbeide for at ein til ei kvar tid har rasjonell og effektiv kommunal drift ved rett organisering, god leiing og engasjerte tilsette som sikrar gode tenester til innbyggarane.
Vi vil arbeide for at kommunen har medarbeidarar med rett kompetanse, og det skal leggast til rette for vidareutdanning. Høgre vil også arbeide for at det blir oppretta fleire lærlingplassar i kommunen.
Vi vil arbeide for eit godt samarbeid mellom politikarar og administrasjon.
Sykkylven Høgre vil fortsette det arbeidet vi har gjort dei siste 4 åra med å halde eigedomsskatten så låg som mogleg. Høgre vil på sikt fjerne eigedomsskatten, og vi støttar ikkje eigedomsskatt på næring.
Vi ønsker å utreie moglegheita for å redusere den kommunale delen av formueskatten i Sykkylven.
4. SKAPARGLEDE – NÆRINGSVENNLEG KOMMUNE
Høgre vil arbeide for at kommunen blir opplevd som positiv og løysningsorientert i alle møter med næringslivet. Sykkylven Høgre er opptatt av å skape gode rammevilkår for bedriftene, slik som då vi fekk gjennomslag for lågare arbeidsgivaravgift i kommunen.
Høgre støttar opp om «Omstillingsprogrammet», der kommunen får ressursar over 6 år for å skape fleire arbeidsplassar og nye næringar i kommunen. Sikring av eksisterande arbeidsplassar er også viktig. Samspelet mellom kommunen og næringa er styrka som følge av dette prosjektet.
Sykkylven næringsutvikling (SNU) er næringsavdelinga til kommunen der lokalt næringsliv også er eigarar. Dette samarbeidet er ein viktig suksessfaktor for utvikling av eit sterkt næringsteam.
Vi vil legge til rette for attraktive næringstomter basert på næringslivet sine behov.
5. FØREBYGGING, INKLUDERING OG RASK PSYKISK HELSEHJELP
Høgre vil at alle skal få hjelp når dei treng det, før små problem veks seg store. Vi må satse på gode og lett tilgjengelege tilbod med kort ventetid, utan krav om henvisning frå lege. Høgre vil ha fleire lågterskeltilbod og at ein skal ha psykolog(ar) i kommunen.
Vi vil at Sykkylven skal bli ein «HELT MED! kommune», slik at personar med utviklingshemming blir inkludert i ordinært arbeidsliv.
Høgre vil arbeide for at kommunen førebyggjer, avdekker og avverjar vald og overgrep, i samsvar med «Handlingsplan for vald i nære relasjonar – Sunnmøre 2021-2025».
6. GOD INFRASTRUKTUR OG GODT SAMARBEID I REGIONEN
Høgre vil at kommunen skal vere ein viktig del av vår bu- og arbeidsmarknadsregion, og då må ferjetilbodet i kommunen styrkast med fleire avgangar.
Sykkylven Høgre ønsker at Storfjordsambandet blir realisert.
Dei siste 4 åra har fleire kommunale vegar blitt rusta opp, og dette arbeide vil Høgre skal fortsette. Det er t.d. viktig at Grebstadvegen blir realisert.
Høgre vil arbeide for at fleire områder i heile bygda blir statleg sikra til allmenn bruk, slik som bl.a. Aursnesoddane, badestranda på Haugneset og parkeringsplassar på Fjellsætra er i dag.
Vi vil realisere gangbru over Aureelva – for å knyte området ved småbåthamna i sentrum saman med kai-trappa og Haugneset. Vi vil også realisere uteområde ved vårt nye flotte Bibliotek.
7. EIN BRA STAD Å BU – EIN BRA STAD Å BESØKE
Høgre vil arbeide for tettstadutviklingsprosjekt i heile bygda, for å sikre at det er attraktivt å bu i alle delar av kommunen. Vi vil fortsette med å legge til rette for tomter i heile kommunen, med spesielt fokus på sentrumsnære tomter.
Høgre vil realisere «Masterplan for reiseliv». Nokon viktige satsingsområde er; langsiktig utvikling på Fjellsætra, Kyststi, sykkelturisme, og utvikling av Auremarkane med langhus og historieformidling.
Sunnmørsalpane og Fjellsætra er hovudgrunnen til at mange turistar besøker Sykkylven. For å sikre langsiktig utvikling av området, ønsker vi at kommunen skal støtte Sykkylven friluftssenter SA økonomisk.
Høgre vil leggje til rette for tursti/trappetrinn til Aurenakken.
Vi vil støtte opp om festivalar og kulturarrangement då dei er viktige for bulyst, trivsel og turisme.
8. KULTUR, FOLKEHELSE OG FRIVILLIGHEIT
Høgre vil sikre gode kulturtilbod i kommunen, ved bl.a. å oppgradere amfiet i kinosalen på Kulturhuset. Dette gjer at ein kan tiltrekke seg fleire typar artistar og større arrangement.
Høgre vil at det skal vere gode møteplassar og aktivitetstilbod for ungdom i kommunen. Vi vil fortsette å støtte «Høbben» økonomisk.
Det er mange som deltek på dugnad for ulike lag og organisasjonar, noko som skaper aktivitet og trivsel i bygda. Høgre vil at kommunen skal ha eit godt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, og også ha ein plan for økonomisk støtte til dei. For å gjere det lettare å søke nasjonale tilskot, ønsker vi at kommunen har eit abonnement på «Tilskuddsportalen».
Høgre vil vidareutvikle kaiområdet i sentrum til å verte eit område for allmenn bruk, og eit attraktivt område for tilreisande.
Vi ønsker å fortsette medlemskapet i Sunnmøre friluftsråd. Medlemsskapet ga oss moglegheit til å søke om sand til badestranda på Haugneset. Det har også gitt oss StikkUt turar, sykkelparkeringsstativ på Aursnesoddane og Haugneset, og «Leikepatruljen» på skulane.