Høyre har fått en knallstart på valgkampen- god fremgang i Vestfold

Gode Høgrevener! -I det vi passerer midten av august, kan vi slå fast atHøgre har fått ein knallstart på valkampen. Av fem nasjonale meiningsmålingar som er lagt fram så langt denne månaden, går Høgre fram på fire, skriver Høyres generalsekretær, John-Ragnar Aarset, generalsekretær i Høyre, i dag. -Vi er i siget! Samstundes går Arbeidarpartiet tilbake på samtlege målingar som er lagt fram i august. Skulle Ap ende opp på dette nivået, vil partiet gjere sitt dårlegaste stortingsval frå opposisjon sidan 1924. Senterpartiet går óg tilbake på fire av fem nasjonale målingar så langt denne månaden. Førdagen presenterte NRK den fyrste nasjonale målinga sidan mai med borgarleg fleirtal.

Fleire lokale målingar dei siste dagane stadfester biletet av eit Arbeidarparti på rekordlågt nivå og eit Høgre i god framgang. I Hordaland la Bergens Tidende førdagen fram ei måling kor Høgre er klart største parti i fylket med 29,9 prosent, mot 25,4 prosent for Ap. Hjå Respons for Vest Agder, er Høgre berre ein tidel bak det gode resultatet frå 2013, med 27,4 %. Største parti og god margin ned til Ap på 21 %. Vestfold, Finnmark og Buskerud har levert målingar med god framgang for Høgre.

Lite freistande alternativ
Eit nytt bilete avteiknar seg óg for veljarane. På fleire av målingane med raudgrønt fleirtal, treng eit redusert Ap hjelp av både Sp, SV og gjerne både Raudt og MDG, for å mønstre fleirtal. Dette framstår truleg særs lite freistande for moderat innstilte veljarar. For ikkje å snakke om dei borgarleg veljarane som det siste året har teke midlertidig opphald i Sp. Vi har sett variantar av denne samarbeidsmodellen i mellom anna Oslo, Bodø og Tromsø. Med same politiske oppskrift på nasjonalt nivå, kan veljarane sjå fram til skattesjokk og fjerning av mangfald og valfridom i velferdstenestene dersom Raudt og MDG skal ha ei hand på rattet. MDG og sosialistane vil slå seg saman i kampen mot mange av vegprosjekta som våre fire samarbeidsparti har forplikta oss til å byggje ut dei komande åra.

Eit Noreg i framgang
Eg trur det er ein samanheng mellom dei gode målingane og at veljarane ikkje kjenner seg att i den einsidige svartmålinga frå Ap og Sp. Eg trur at folk får med seg at arbeidsløysa går ned, at veksten er på veg opp og at det blir skapt nye jobbar. At fråveret og fråfallet i skulen går ned, og at elevane lærer meir. At ventetider og helsekøar går ned, og at pasientane får raskare og betre hjelp. Veg og bane blir bygd raskare og billegare. Bodskapen frå Høgre er at vi må halde fram moderniseringa og vidareføre den politikken som virkar. Det siste Noreg treng nå er reverseringa og skatteauken til Ap og Sp.

Det er ingen tvil om at vi har fått ein utruleg motiverande start på valkampen. Men vi må i høgste grad vere budd på at meiningsmålingane vil svinge fram mot valdagen. Det overordna biletet akkurat nå er like fullt at stillinga mellom blokkane har jamna seg ut. Alt tyder på at det kjem til å bli ein særs spanande valkamp, heilt fram til 11. september. Her vil kvar einaste røyst telle. Det er innsatsen frå kvar enkelt av oss som kjem til å avgjere. Vi skal gå hundretusenvis av husbesøk. Vi skal ha tusenvis av stands, morgonaksjonar og andre markeringar. Det skal skrivast hundrevis av avisinnlegg, og vi skal prege avisspaltene med positive oppslag om korleis vi skal sleppe dei gode kreftene til her i landet – fordi vi trur på Noreg.

Vi tek ikkje ei einaste røyst for gitt. Men vi tek med oss den gode stemninga og dei gode tilbakemeldingane vi har fått ved fyrste mellomtid, i det vi legg ut på neste runde av valkampen.

Valkamphelsing
John-Ragnar Aarset, generalsekretær