Betre løysingar for heile Trøndelag

Saman kan vi skape eit Trøndelag med moglegheiter for alle. Her er Høgres løysingar for å få det til.

Skuler som førebur elevane på framtida. Gjennom tettare samarbeid med lokalt næringsliv, skaper vi betre utdanning. Vi skal investere i betre lærarar, styrke skulehelsetenesta og løfte yrkesfaga. Fleire skal fullføre vidaregåande opplæring.

Betre veger og godt kollektivtilbod. Folk og varer skal fram. Vi må våge å nytte nye løysingar, og prioritere vedlikehald og investeringar i fylkesvegane. Vi skal ha kollektivtrafikk i heile Trøndelag. Trønderane skal komme raskt fram og trygt heim.

Skape fleire jobbar. Det er dei lokale bedriftene og arbeidsplassane som utgjer grunnlaget for velferdssamfunnet. Derfor må vi investere i kompetansen bedriftene treng og oppgradere infrastrukturen i fylket vårt. Trøndelag treng fleire jobbar og økt verdiskaping.


Er du einig i våre løysingar for Trøndelag? Meld deg inn i dag!