– Det er søppel nok å ta av!

Ulstein Høgre trassa vêret og rydda strender

Eiksund Bygdelag hadde planlagt rydding i fjøra no på laurdag på Strandryddedagen, men utsette dette til neste helg på grunn av vêret. Ei gruppe medlemmer frå Ulstein Høgre trassa likevel dei noko ufyselege vêrtilhøva og fekk rydda eit strekning på om lag ein kilometer på Eika.

– Det er søppel nok å ta av til dei som skal rydde neste helg, seier Stian Lehmann Scheide som var mellom dei som tok del i den nasjonale ryddedugnaden i regi av Hold Norge Rent.

Gruppa frå Ulstein Høgre tok for seg strekninga frå Eiksundbrua i retning Sunde.

Scheide fortel at rundt nitti prosent av søppelet dei har funne er av plast og mykje av det har lagt i sjøen lenge.

– Mellom anna har vi funne snusboksar som er laga lenge før dei nye emballasjevedtektene for tobakksvarer kom. Dette er ting som naturen vil bruke mange, mange år på å bryte det om det berre vert liggande. Elles har vi plukka opp store mengder isopor, opplyser han.

I alt vart det fylt ti sekkar med søppel i løpet av ein times tid.

Han rosar tiltaket med ein årleg strandryddedag og oppmodar så mange som mogleg å vere med på aksjonen neste helg.