For enkelt av Engh

Det blir litt for enkelt når Knut Erik Engh på vegne av Ulstein FrP freistar å gi Ulstein Høgre og Ulstein Arbeiderparti skulda for eigedomskatten i lokalavisa 6 august, og det medan han eleverer sitt eige parti som ultraansvarleg og tilsynelatande med ei eiga evne til å sjå inn i framtida.

Det var fleire år med dommedagsprofeti frå talarstolen i regi av Framskrittspartiet i budsjettsamanheng før vi gjekk inn i nedgangstidene og en kunne nesten tru at slik polemikk var normalt frå politikarar i ei kommune som no står fram som regionssenter på Søre Sunnmøre. Det er det sjølvsagt ikkje.

Hadde Ulstein FrP fått viljen sin dei siste 10-15 åra så hadde vi nok ikkje hatt kulturhus, kino, hotell i sentrum eller Ulstein Arena. Og sjølvsagt mindre gjeld…..men også mindre skatteinntekter med stort sannsyn. Men eg trur ingen inkludert Ordføraren vil tilbake dit. Han opna jo stolt Ulstein Arena med brask og bram, et prosjekt som han ironisk nok sjølv ikkje var med å ta ansvar for. Men Ulstein Høgre tok ansvar og realiserte det største levekårsprosjektet i kommuna i moderne tid og det er vi stolte av. Om det var som velta lasset er vanskeleg å seie. Ordføraren setter ofte sin lit til KS-Konsulent Håvard Moe, i alle fall når det gjeld kommunekompasset og kor bra rating kommuna har fått på det. Moe sa en gong at da vi vedtok utbygginga på Sjøgata så hadde vi realiteten vedtatt eigedomskatt også, det kan jo Ordføraren merke seg. Men det står da vitterleg ikkje verre til i kommuneøkonomien at Ulstein FrP var gladleg med å løyve 30 millionar for kjøp av parkeringsplassar dei neste åra i det nye sentrumsbygget på Hydrotomta. Vi har også nokon av desse i Ulstein Arena – etter det eg kjenner til så har vi ikkje seld en einaste plass. Og medan vi er innom kommuneutvikling.: Ordføraren var også initiativtakar til å sende NAV og dei få statlege arbeidsplassane våre til Hareid, på tross av at vi har et kommunestyrevedtak som seier at vi skal freiste å gjere det motsette. Et forsøk på å redde Fylkestannhelsetjenesta var fånyttes: Flytting av NAV sementerte helsehusprosjektet på Hareid (til naturleg glede for dei) og enda fleire arbeidsplassar for oss gjekk tapt. No er desse institusjonane flytta til utkanten av regionen og flesteparten av brukarane har fått lengre reiseveg. Stikk i strid all fornuft men bra for Hareid. For mange av oss andre var det naturleg at desse låg i regionssentrum, som vi har hatt som mål å bli, heilt sidan 50-60 talet. Ulstein FrP sine bidrag til kommuneutvikling etterlat mykje å ønske med andre ord, og dette er ein av grunnane til at Ulstein Kommune no treng ny Ordførar. Denne type kommuneutvikling kan vi ikkje ha. Og sjølv om det er val er det uklokt attakkere dei som har vore eksponent for å utvikle kommuna ved å ta ansvar når det krevst. Det har vore heilt nødvendig. Ulstein Høgre vil saman med dei fleste andre parti jobbe for å redusere eigedomskatten med mål om å fjerne den, men det blir ikkje lett. Vi var ikkje med på å innføre den i vedtaks form og har etter det ikkje sett løysingar for å redusere den meir enn vi klarte med innføring av botnfrådrag i fjor.

Mvh
Knut Kleiven
Ulstein Høgre