Fylkesårsmøte for Møre og Romsdal Høgre 2023

Frå 10.-12. februar var 7 delegatar frå Ulstein Høgre på Parken hotell i Ålesund for å delta på årsmøte for Møre og Romsdal Høgre 2023.

«Ulsteinbenken» var godt representert på årets fylkesårsmøte.

Årets fylkesårsmøte er overstått, og vi hadde ei kjekk og lærerik helg i Ålesund.

Frå Ulstein Høgre var vi heile sju delegatar: Ordførarkandidat Stian Skorgen Scheide, Foreiningsstyreleiar Oscar Overvåg Tafjord, ungdomskandidat Erica Ruiz Solhjem, medlemsansvarleg Hans Petter Th. Ulstein, samt Stig Ole Borgundvåg, Elisabeth Hoddevik og Erlend Eidem frå foreiningsstyret.

Fylkesårsmøtehelga starta fredag med samling for ordførarkandidatar og kandidatar til fylkesting. Vidare vart det arrangert eit fylkesstyremøte.

På laurdag hadde vi gode innlegg av mellom andre Høgre sin kampanjesjef, Pia Wexels, og Mudassar Kapur frå stortingsgruppa. Roger Hofset heldt eit hardtslåande innlegg om grunnrenteskatt, lokal verdiskaping og viktigheita av godt samarbeid mellom bedriftseigarar og politikarar.

Sjølve årsmøtet starta med eit smell! Det er ikkje alle fylkeslag som har eige korps! Resten av dagen gjekk med til arbeid med programmet og dei politiske resolusjonane vi skulle vedta på søndag. Om kvelden hadde vi årsmøtemiddag i storsalen.

Søndagen gjekk med til dei ordinære årsmøtesakene, diskusjonar og vidare arbeid med programmet og resolusjonane. Møtet vart heva om lag klokka 14.

Vi returnerte fulle av inspirasjon etter ei lærerik og gjevande helg, fylt med både sosialt samvær og politisk arbeid, klare til å fortsette arbeidet fram mot valkampen og valet!