Kvalitet i skulen
Det beste vi kan gi borna våre er ei god opplæring. Ein god skule skaper moglegheiter for alle. Skulen må ha store ambisjonar om å gi kvar einskild elev noko å strekke seg etter. Vi treng framleis å satse på enda betre resultat for elevane våre. Vi ynskjer å ha ein av dei beste skulane i landet.
Ulstein Høgre vil arbeide for:
• Utbygging og fornying av Ulsteinvik Barneskule
• Oppretthalde dagens skulestruktur med trygge skulevegar
• Opne moglegheitene for leksefri skuleordning for dei skulane som ynskjer det
• Alternative undervisningsformer og tilrettelagt opplæring
• Tettare samarbeid med næringslivet for å styrke elevane si interesse for eit variert yrkesliv
• Tidleg innsats og kontinuerleg fokus mot mobbing i skulen.
• Rusførebyggjande tiltak gjennom samarbeid med skulen
• Oppretthalde god og aktiv helsesjukepleiar i skulane
• Ulstein som MOT-kommune
• Kompetanseløft for lærarane
• Aktivt eigarskap, oppretthalde eit forsvarleg rammetimetal
• Sjå på kostnaden til SFO med mål om å redusere foreldrebetaling og betre tilbodet
• Støtte ei prøveordning med eit sunt skulemåltid for skular som ynskjer det
• Legge til rette for at skilnadane ikkje blir unødvendig store blant innbyggjarane ved at alle born får eit variert og godt fritidstilbod og ein plass å høyre til