To av mange viktige spørsmål
I det offentlege ordskiftet vert det av veljarane ofte skildra med kvass penn kva oss politikar meiner ogkvar oss står i dei forskjellige sakene ofte med bakgrunn i kva dei sjølve ynskjer for framtida.
Eg vonar Ulstein Høgre har lukkast å ta dei innspela som til no har kome, både gjennom dei folkemøta som vi har arrangert rundt om i kommuna vår og via personleg kontakt. Alt dette har vore med å leggje grunnlaget for programmet vårt som er å lese på www.hogre.no/moreogromsdal/ulstein. Det er som sagt et par ting eg vil nemne spesielt sidan dei desse tema er aktuelle for mange.
Vindturbin:
Ulstein Høgre har diskutert saka grundig ved fleire høve og ha enda opp med følgande konklusjon:
«Ulstein Høgre vil jobbe for eit nei til bygging av vindturbinar i kommunen. Vi vil jobbe for eit grønt skifte ved å sjå på andre løysingar for å få til dette t.d. ved betre utnytting av eksisterande vannkraftanlegg samt effektive ENØK tiltak»
Eg vil også seie at eg er særs glad for at partia både i sitjande kommunestyre og kommande lokalpolitikarar, er så samstemde i dette spørsmålet.
Eigedomskatt:
Ulstein Kommune har hatt store inntektstap de siste åra, det er viktig at vi gjer naudsynte grep for å kompensere for dette . Eigedomsskatten er etter min meining feil medisin og den råkar dessverre mange svært uheldig. Vi må drifte kommuna effektivt, levere på dei sparetiltaka som er sett i gang og sørge for å få en berekraftig økonomi med balanse mellom inntekt og utgifter. Ulstein Høgre har kontinuerleg stemt i mot og lagt fram alternative budsjett for å unngå denne type
skatt. I siste års budsjett var vi en av pådrivarane for å innføre botnfrådrag og vi skriv i vårt program at vi ynskjer å fjerne skatten innan 2023. Vi vonar sjølvsagt at den skal fjernast mykje før og kanskje allereie i neste budsjett, men kan ikkje love meir en vi kan halde. Det er to prosjekt som står for tur: Ulsteinvik
barneskule med oppstart 2020 og brannstasjon med oppstart 2021. Med mindre vi klarer andre innsparingar eller aukar inntektene våre så har vi ingen sjanse til å fjerne skatten. Fokuset må vere å betale ned gjeld og velje framtidige investeringar med kløkt, både i omfang og kva tid desse skal skje. Ulstein Høgre vil elles arbeide for periodisk innbetaling av samla kommunale avgifter og eigedomsskatt
for dei som ynskjer det. Vi vil anta at dei fleste vil betale et lite beløp pr månad eller store rekningar i en del av månadane. Dette vil også betre likviditetsflyten i kommuna.
Det er fleire enn desse to sakene som krev merksemd og handlekraft i det neste kommunestyret. Kom til oss og ta sakene opp slik at dei får det fokus som er fortent.
Stian Lehmann Scheide
Ordførarkandidatr
Ulstein Høgre