Vaksdal Høgre partiprogram 2023-2027
Her er Vaksdal Høgre sitt partiprogram for kommunestyreperioden 2023 – 2027
Valprogram Vaksdal Høgre 2023-2027
Kap 1: Lokalt Næringsliv
Kap 2: Samfunnsutvikling
Kap 3: Økonomi
Kap 4: Samferdsle
Kap 5: Arbeid og inkludering
Kap 6: Helse
Kap 7: Oppvekst
Kap 8: Kommuneorganisering
Kap 9: Familie og likestilling
Kap 10: Kultur, idrett og frivillighet
Kapittel 1: Lokalt næringsliv
For Vaksdal Høgre er det at lokalt næringsliv lukkast særs viktig, Høgre speler på lag med næringslivet. Det er ei høgt prioritert politisk oppgåve å tilretteleggja for at det skjer meir utvikling innan næringslivet. Kommunen treng fleire bein å stå på og kommunen sitt næringsselskap er ein utstrakt arm for å nå politiske målsettingar for næringslivsarbeidet i kommunen. Vaksdal Næringsselskap AS skal vera ein pådrivar for kompetanseutvikling, dialog med næringslivet, kartlegging og å setta folk i kontakt med kvarandre for forløysing av potensialet.
Politisk forutsigbarheit og lange liner for næringslivet skal leggast til grunn for arbeidet med næringsplanar, arealplanar og delplanar for at Vaksdal Kommune kan ha kontinuerlig vekst i tal bedrifter og ei utviding av bransjar i åra som kjem.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1. Sikra utvikling av areal på Dalegården til næringsutvikling.
2. Opparbeida variert næringsareal i heile kommunen
3. Gjera meir areal tilgjengeleg for varierte næringsbygg for små og mellomstore bedrifter
4. Kartlegga potensialet ved kommunale kaiområder for å kunne utvikle reiseliv og andre næringar i samband med de i kommunen.
5. Støtta opp om lokale initiativ som kan bli reiselivsattraksjonar.
6. Arbeida for gradvis reduksjon i eigedomsskatt for næringslivet.
7. Etablera ein næringsportal som ein del av dei kommunale nettsidene.
8. Byggja opp rundt VNS som kommunen sin brubyggjar mot næringslivet.
9. Jobba for at Vaksdal kommune skal vere lærlingbedrift innanfor fleire fagområder.
10. Vidareføra tilbodet om støtte til bedrifter, som tek imot ungdom i sommarjobb.
11. Vidareutvikla næringsfondet i perioden.
Kapittel 2: Samfunnsutvikling i Vaksdal kommune
Vaksdal Høgre ynskjer å utforma eit framtidsretta Vaksdal i samspel med utviklinga som kjem i K5 prosjektet. Her må ein sjå nærare på dei moglegheitene som ligg i den kunnskapen som er opparbeida i arbeidet med stasjonsbygdene. Potensialet for vekst i tal innbyggjarar er størst på Vaksdal og Stanghelle, og her er dei områda der ein i første omgang må leggja ned innsats for bustadareal. Vidare utvikling av Tettaneset vil til dømes tilføra store moglegheiter for nye innbyggjarar. Tilgjengeleg areal er begrensa, så prioriteringar må gjerast for dei områda som kan utviklast raskt og effektivt gjennom samarbeid med private eigedomsutviklarar og utbyggjarar.
Dale og omegn er eit naturleg midtpunkt og kommunesenter som bør utviklast vidare som senter for næringsliv i kommunen, bustader for dei som treng enkel tilgang til offentlege tenester kan og utviklast på Dale.
Stamnes sitt potensiale for småskala reiseliv er stort, spesielt frå sjøsida der bygda er eit naturleg samlingspunkt i det lokale fjordsystemet. I ein større samanheng er konseptet med tog til stasjonsbygdene og overgang til båt spanande for reiselivsutviklinga i kommunen.
Vaksdalsbygda har potensiale for bustadutvikling i perioden og om ein lukkast med samarbeid mellom kommune og private utbyggjarar og fortetting langs ny jernbanetrasé kan ein få ei auke i folketal.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1. Politisk å sørgja for dialog med eigedomsutviklarar for å opparbeida dei areala som er ferdig regulert på Vaksdal og Stanghelle.
2. Politisk sørgja for gode arealplanar som tydelig definerer bruksområder og formål, gode arealplanar kortar ned saksbehandlingstid og motverkar omkampar i byggjesaker.
3. Sjå på moglegheiter for sal av kommunale eigedomar til næringsliv, private eller andre som kan nytta bygningane på ein betre måte.
4. Høgre vil at Vaksdal kommune skal selgja bygg og eigedom for 3 millionar kroner årleg på ein oversiktleg og planmessig måte framlagt til politiske organ for endeleg avgjerd.
5. Vaksdal Høgre vil sikra fortgang i utbygginga på Tettaneset, i dei neste anbudsrundane bør rask realisering av dei tre regulerte byggjetrinna vektleggjast.
6. Vaksdal Høgre ynskjer å realisera “leige til eige” for unge i etableringsfasen i perioden
7. Dalegården ferdigstillast for utvikling av næringsmoglegheiter.
8. Leggja til rette for at moglegheiter innan reiseliv i kommunen kan utviklast på ein betre måte, til dømes på Stamnes og Stanghelle med god tilgang til sjø og togforbindelse.
9. Utvikling av kommunale vegar
Klima og miljø:
Klima og miljø vil vera ei utfordring for heile samfunnet, og det offentlege må gå foran som ein pådrivar for gode lokale løysingar. Reduksjon av utslepp og arbeid med å fjerna plast frå natur og hav er noko ein må jobba meir med for komande generasjonar.
1.Ved all nybygging av kommunale bygg skal energieffektivisering, kjernevarme og solceller alltid være med i totalvurderinga.
2.”Nullutsleppshus” skal prioriterast som løysing når Vaksdal kommune er utbyggjar
3. Ny og tilgjengeleg, energibesparande teknologi skal vurderast i ny og eksisterende bygningsmasse ved oppgradering.
4.Vaksdal Høgre vil jobba for å tilrettelegga for reine bygder gjennom aksjoner i samarbeid med lag og organisasjonar. Reine bygder med nærområder fri for boss og plast er målet.
5. Anskaffing av bilar skal følgja nasjonale liner med nullutslepp som utgangspunktet for alle kommunale tenester i den kommende perioden
6. Vaksdal Høgre vil vidareføra ei form for ordning med søknadsbaserte ENØK-tilskot for innbyggjarane som eit supplement til ENOVA.
Kapittel 3: Økonomi
Vaksdal Høgre vil jobba for at den økonomiske situasjonen for innbyggjarar og næringsliv skal vera stabil og forutsigbar. Kommunen sitt låneopptak til investeringar dei siste åra har vore aukande og i komande periode er det ikkje tid for store investeringar. Nye investeringar som skal gjerast må kunna gje avkastning til Vaksdal kommune på middels eller lang sikt, Vaksdal kommune treng auka inntekter for å sikra at kommunen kan drifta lovpålagte tenester i framtida, om ein ikkje lukkast med det vil det bli tøffare prioriteringar i åra som kjem.
1. Vaksdal Høgre vil jobba for ein gradvis reduksjon i eigedomsskatten for privatbustader gjennom perioden
2. I prosjekt som kan gje ein framtidig positiv inntektsstrøm skal kommunen sjå på moglegheiter for investeringar.
3. Stabile rammevilkår for innbyggjarar og næringsliv.
4. Redusere skatter og avgifter for den enkelte innbyggjar og for næringslivet.
5. Arbeide for at folk beheldt meir av eiga inntekt.
Kapittel 4: Samferdsel
Vaksdal Høgre vil kjempa for realisering av K5 i henhold til reguleringsplanen som er vedteken. God samferdsel er viktig både lokalt, regionalt og nasjonalt for ferdsel av personar, gods og varer. Som ein del av det store nasjonale prosjektet K5, som startar sitt arbeid i denne perioden, vil Vaksdal kommune gjennomgå større endringar. Ein del av desse endringane vil ha behov for lokal innsats for å hausta frukter av potensialet av eit så omfattande samferdselsprosjekt. Det vil bli naudsynt med ei styrking av enkelte tenester innan arealplanlegging og sakshandsaming innan plan og bygg, og ved ei seinare vidareføring av K5 mot Voss kan ein anta ein byggeperiode på nye 20 år.
I perioden ynskjer Vaksdal Høgre å løfte standarden på det kommunale vegnettet for å betre innbyggjarane si ferdsle. Gjennom ein planmessig prioritering og gradvis årlig auke i bevilgningar til kommunale vegar ynskjer Vaksdal Høgre å ta igjen mykje etterslep på dei kommunale vegane. Fortrinnsvis vil vegar med omkøyringsmoglegheiter for E16 prioriterast høgt.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1. Kjempa for realisering av K5 i henhold til planlagt NTP.
2. Med K5 kjem store moglegheiter, Vaksdal Høgre vil legga til rette for mest mogleg varig infrastruktur blir igjen i ettertid for videre lokal bruk.
3. Fjordsystemet som ressurs ved å få videreutviklet kaianlegg i kommunen for å tilrettelegga for reiselivsnæring og fritidsbruk.
4. Kommunal veisatsing- Vaksdal Høgre ønsker ei satsing på det lokale vegnettet gjennom gradvis auke i budsjett til asfaltering og utbetring av kommunale veger.
5. Det kommunale vegnettet som har omkøyringsmoglegheitar bør prioriterast utbetra som klargjering til K5.
6. Sjå på moglegheit for servicelinje i Vaksdal kommune, ein enkel busstransport som eit tillegg for rutebuss. Primært for ungdom og eldre med åpning for alle brukergrupper mot ein egenandel.
7. Tilrettelegging for meir ferdsel utan utslepp, til dømes bygdesyklar som ei sjølvbetjent ordning.
Kapittel 5: Arbeid og inkludering
Vaksdal kommune har ein stor del av befolkninga som pendler til andre arbeidsområder i regionen. Vaksdal Høgre vil arbeida for at fleire bedrifter ser moglegheita for nyetableringar i Vaksdal kommune i de neste fire åra. Arbeidsplassar for personar med t.d. høgskuleutdanning er det eit stort behov for i vår kommune og om slike etableringer kjem kan det føra til at andelen som pendlar blir redusert og arbeidsmarknaden vil bli meir attraktivt for tilflyttarar. Fleire lokale arbeidsplassar i Vaksdal kommune er særs viktig for utviklinga til kommunen i framtida, her må ein lukkast betre.
Vaksdal har dei siste åra tatt imot ein betydeleg andel innvandrarar og busett mange i vår kommune. Som samfunn har ein eit ansvar for å inkludera gjennom blant anna språkopplæring, formell kvalifisering, opplæring i samfunnskunnskap og norske verdiar og deltaking i sivilsamfunnet. Det krev mye av lokalsamfunnet, kommunar og privat sektor og det vil alltid kreva mest av den enkelte tilflyttar. For Høgre er vårt utgangspunkt at menneske som kjem til Norge skal bli ein del av det norske samfunnet. Dei som kan jobba skal få tilrettelagt moglegheiter for arbeid og i tillegg må fleire må delta i det sivile samfunnet.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1. Legga til rette for fleire nyetableringar av lokale arbeidsplasser og småbedrifter med gode arealplanar med regulerte tomter til næringsverksemd.
2. For Høgre er det viktig å vera ein attraktiv kommune for barnefamiliar. Det å få fleire innbyggjarar til å bli verande samt å få nye inn vil bli høgt prioritert i perioden.
3. Vaksdal Kommune skal vera ein god arbeidsplass for lærlinger og tilretteleggja for dette innen alle de kommunale tenesteområdene.
4. Dei som busett seg i kommunen frå andre land skal få god oppfølging for å bli integrert best mogleg, her har hele samfunnsstrukturen ei viktig rolle.
6. For Vaksdal Høgre er det viktig å vera ein attraktiv kommune for barnefamiliar og me er helt avhengig av desse for å opprettholde gode tenester i framtida.
7. Jobbe for det kommunale foretaket, AO-senteret får handlingsrom til videreutvikling.
Kapittel 6: Helse
Gode helse- og omsorgstenester i Vaksdal kommune.
Me må tørra å snakka om organisering, struktur, fagmiljø og rekruttering i den kommunale helsesektoren! Målet må vera at dei som har behov for helsetenester får god og tilstrekkeleg hjelp av kvalifisert personell, som har tid til brukaren når behovet er der, og at utfordringar blir møtt på ein framtidsretta måte.
Vaksdal Høgre vil i perioden arbeida for å få gjennomført naudsynte tilpassingar av dei kommunale helsetjenestene. Her er det gjort mykje forsking nasjonalt, og det er god hjelp å få i Leva heile livet-reforma og tilgjengelege rapportar. Aldersvenlege samfunn er ein grunntanke, som må takast med i alt planarbeid og nybygging. Ein må i tillegg legga til rette for moglegheita for å bu i funksjonelle bustader med god tilgang til offentlige tjenester, servicetilbod og fritidsaktiviteter.
Vaksdal Høgre er villig til å sjå på tilpassingar av det kommunale tilbodet for helsetenester. Det viktige for partiet er at brukarar får gode tenester og at dei tilsette har god bemanning og robuste fagmiljø rundt seg. På Vaksdal står det no klar ei storsatsing med ein flott og moderne sjukeheim, der dei eldre vil få god hjelp av kompetent personell i eit funksjonelt bygg. Det skal vera godt å bli gammal i Vaksdal kommune og med ein ny og moderne sjukeheim har ein eit framtidsretta svar på dei fleste utfordringane som vil koma.
Behovet for tenester innanfor Helse og Meistring vil alltid kreva fleire bygg og tilpassing av løysingar for å dekke behova i ein geografisk sett stor kommune som Vaksdal.
Det er allereie utfordrande å rekruttere til stillingar i helsesektoren og kostnadene er høge, samanlikna med andre kommunar av vår storleik. Derfor kan og strukturelle grep bli naudsynt i perioden for å oppretthalde gode og robuste tenester i framtida.
Vaksdal Høgre meinar at det tener framtida til innbyggjarane i Vaksdal kommune best totalt sett å samlokalisera institusjonstilbodet. Arbeidet med ei servicelinje vil kunne nyttast til transport av pårørande, som ei løysing og ein kompensasjon for eit slikt grep.
Kostnadene ved å oppretthalda dagens løysing med ein aukande andel eldre, ein reduksjon i folketal og lågare inntekter vil gjera det særs utfordrande å oppretthalda to separate bygg med institusjonsplasser. Vaksdal vil bli den naturlege løysinga ved ein sjukeheim som stettar behovet til ein kommune av vår storleik, det vil framleis vere naudsynt med fleire andre helsetilbod i kommunen på Dale og Stamnes.
Tilbodet på Daletunet vil framleis ha gode føresetnader for vidare drift, men Høgre meiner det beste ville vera å vidareutvikla eit anna tilbod i bygningane. Her kan ein til dømes med fordel ha bustader til leige for eldre samlokalisert med heimetenester, og andre offentlige tilbod som lege, fysioterapeut, ergoterapeut og med butikk og apotek i nærleiken.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1. Ha ein god plan for et meir aldersvenlie samfunn, med utgangspunkt i reforma Leva heile livet både i struktur og nybygging.
2. Sørgje for at det vert lagt til rette for aldersvenlege samfunn i alt planarbeid og samfunnsutvikling når det er saker til behandling med involvering av brukergruppa, råd og utvalg.
3. Vaksdal Høgre er opne for å sjå på struktur og organisering om det tener kommunen som heilheit best
4. Jobba for at heimetenestene og andre støttefunksjoner vert lokalisert der hovedtyngda av korttidsplassar, omsorgsplassar og omsorg+ er lokalisert.
5. Vaksdal Høgre ynskjer ei tenleg samlokalisering av helsetjenestene som legekontor, ergoterapeutar, fysioterapeutar og andre helserelaterte tenester for bedre fagmiljø..
6. Sjå på moglegheiter for ombygging av Daletunet til boligar tilpassa eit aldersvenleg samfunn nær offentlege tenester etter modell med bufellesskap og gode fellesareal
7. Vaksdal Høgre vil legga til rette for at lokal servicenæring kan leige lokaler i kommunale helsebygg slik som apotek, butikk, frisør, tannlege og andre.
8. Videreføra og styrka ordninga med Ung i Helse i perioden
9. Vaksdal Høgre ynskjer at fylket si ordning med “Menn i helse” kan nyttigjerast i Vaksdal.
10. Auka andelen menn i helsetenester i tråd med kommunen sin strategi.
11. Tilrettelegga for moglegheita til auka digital kompetanse hos innbyggjarar med behov for hjelp av bibliotek, Frivilligsentral eller innbyggjarservice..
12. Vaksdal Høgre er opptekne av at ein skal kunna leva godt gjennom heile livet, ei viktig ramme for det er sosialisering og møteplassar gjennom heile livsløpet.
13. Følgje opp saken med ei transportløysing for eldre og ungdommar internt i kommune, ei såkalla servicelinje.
Kapittel 7: Oppvekst
Vaksdal kommune har i løpet av dei siste 8 åra gjort store løft innafor skular og barnehagar, og desse bygga vil koma mange til gode i åra framover. I eit perspektiv der kommunen gjennom mange år har hatt fråflytting er det å ha gode skular og barnehagar viktig om ein ynskjer å tiltrekka seg nye familiar og innbyggjarar spredt ut i bygdene.
På Dale er i dag behovet stort for ein ny barnehage og her ynskjer Vaksdal Høgre å få til ei tenleg løysing med nybygg og gjerne i samlokalisering med andre funksjonar i det same bygget. Ser ein på dagens struktur kan det vera aktuelt med endringar på nokre område innanfor barnehage. Dale barnehage har behov for ei modernisering og Stanghelle barnehage kan få eit bruksforbud på 5 år i følgje med K5-utbygginga, noko som vil gjera behovet for alternative lokaler aktuelt. Stanghelle er eit av dei potensielle vekstområda i kommunen, som og har byggjeklart og regulert areal til formålet på Tettaneset. Ser ein på erfaringa frå til dømes Stamnes så er erfaringa at samlokalisering av skule og barnehage til eit oppveksttun kan ha positiv effekt for tilsette, borna og fagmiljøet.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1. Arbeida for ny barnehage på Dale etter at innspela frå forprosjektet som vart satt i gang i budsjett 2023
2. Ved realisering av ny barnehage på Dale skal dagens tomt bli solgt eller utvikla vidare.
3. Når K5 kjem i gang bør ein starta prosessen med Oppveksttun på Stanghelle etter å ha fått gjennomført kartlegging / forstudie, satt i gang i budsjett 2023.
4. Sal av Stanghelle barnehage i følge med anleggsperioden til K5, midlane nyttast til Oppveksttun Stanghelle skule. K5 er ein førutsetnad for ei slik endring.
5. Vaksdal Høgre ynskjer to-lærersystem videreført i perioden.
6. Tilpassa opningstider i barnehagane til togruter.
7. Arbeide for auke av andelen menn i sektoren tråd med strategi
Kapittel 8: Kommuneorganisering
Vaksdal Høgre vil arbeida for at kommunen har ein god og tilpassa organisasjon, som leverer gode tenester til innbyggjarane innanfor alle tenesteområda. Dei lovpålagte primærfunksjonene til kommunen vil verta prioriterte, og nye arbeidsmetodar og fagleg utvikling må setjast i system for å levera gode tenester med dei begrensa ressursane ein har til rådigheit. Der kommunen tidlegare ytte fleire oppgåver er det i dag blitt slik at det offentlege er avhengig av samarbeid med frivillige lag og organisasjonar og næringsliv for å løyse meir kompliserte utfordringar i lokalsamfunnet.
Ein må kunna gjera nye prioriteringar og fornya seg for framtida med bruk av ny arbeidsmetodikk og teknologi. Vaksdal Høgre ser på det som ein føresetnad å ta vare på dei kommunale bygga på ein god måte i framtida før forfallet slår inn. I nye moderne bygg har ein behov for ny kompetanse som byggdriftarar og auka digital kompetanse på bygg og eigedom.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1. Tilpassa organisasjonen til sine kjerneoppgaver innen helse, oppvekst, arealutvikling, kultur for at kommunen skal bli en attraktiv kommune å bosette og etablere seg.
2. Vaksdal Høgre ynskjer å tilpasse bygningsmassen i kommunen etter behov.
3. Vaksdal kommune skal ha ein god administrativ struktur, som er tilpassa innbyggjarane og næringslivet sitt behov for tenester.
4. Vaksdal kommune skal ha ein robust organisasjon for håndtering av plan og byggjesaker, spesielt i høve nye oppgåver som kjem med K5
5. Overskudd av bygg/eigedom skal anten selgjast eller avhendast for å få driftskostnadene ned, det skal forventast sal av eigedom/bygg for 3 millionar kroner årleg.
6. Legga til rette for oppdaterte vedlikeholdsplaner tilpasset nye lover og forskrifter for tekniske bygg og installasjoner, kompetanseheving i organisasjonen kan verta naudsynt.
7. Vaksdal Høgre vil ha fokus på vedlikehaldsplaner for alle kommunale bygg.
8. Vaksdal Høgre vil jobba for ei gradvis auke i vedlikeholdsbudsjett for kommunale bygg.
9. Nye tekniske og digitale løsninger må implementerast i alle tenesteområder.
10. Fortsatt videre fokus på å få inn lærlinger i oppvekst, helse og tekniske fag, det er avgjerande at det er jobbmoglegheiter i etterkant.
11. Fortsatt jobbe for at kommunen blir meir åpen og tilgjengelig for innbyggjerane..
Sikkerheit og beredskap
Vaksdal Høgre vil jobba for at Vaksdal kommune tar sin del av ansvaret i totalforsvaret innafor tryggleik, sikkerheit og beredskap til det beste for innbyggjarane og besøkande i Vaksdal kommune. I urolege tider er det særs viktig at ein gjennom haldningskapande arbeid og synleggjering tek i vare eit bredt spekter av utfordringar innafor sikkerheit og tryggleik på ein god måte. Kommunen har det overordna ansvaret for tryggleik for innbyggjarane og ei auke av ressurser eller samarbeid med nabokommunar kan vera naudsynt i den komande perioden.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1. Legga til rette for årleg intern revisjon av sikkerheit og beredskapsplanar i forhold til lover og forskrifter. Ein evaluering av sammensetning av sikkerhetsorganisasjonen bør vera med i årleg revisjon og vera dynamisk. Resultata fra revisjonen bør leggast fram til orientering for kommunestyret.
2. Høgre ynskjer at Vaksdal kommune årleg gjennomfører øving på heile eller delar av sikkerheit- og beredskapsplanverket. Fleire delar av den kommunale organisasjonen og i nokre høve innbyggjarar, lag og organisasjonar kan vere naudsynte deltakarar.
3. Politisk er det ei målsetting at sikkerheitsorganisasjonen brukar tid på å skape ein sikkerheitskultur blant alle tilsette gjennom informasjon/samlinger og opplæring spesielt retta mot cyberdomenet.
4. Vaksdal Høgre vil at det i perioden skal utarbeidast ein kommunal Veteranplan for dei som har ytt teneste for nasjonen og innføring av markering 8.mai
5. Høgre ynskjer rotasjon av ROS analyse kvart fjerde år, halvvegs i perioden skal det leggjast fram for kommunestyret. Ei slik analyse skal gjerast av fagkompetent personal med kommunale bidragsytere frå alle einingar på ulike tenestenivå.
6. Høgre er for norsk NATO medlemskap
7. Høgre ser på utvidinga med Sverige og Finland i NATO som en styrking av nordisk forsvarssamarbeid, og som gode moglegheiter for vidareutvikling av NATO som forsvarsallianse.
Kapittel 9: Familie og likestilling
Familien gjer oss nærleik, samhald, identitet og tilhøyrsle.
Familiane er ein av dei viktigaste byggjesteinane i samfunnet, og storsamfunnet si oppgåve er å støtta opp om familiane som treng bistand, anten det er helsehjelp, økonomisk støtte eller annan form for hjelp. Familiane skapar og sikrar ei trygg ramme rundt borna sin oppvekst, uansett kva form og farge den einskilde familie har. Det er viktig å akseptera mangfaldet i familielivet, som i dag har mange former.
Mennesket sin eigenverdi, valgfridom og sjølvrespekt står sentralt i Høgre sin familiepolitikk, og med slikt følgjer også eit personleg ansvar for det einskilde individ.
Vaksdal Høgre er opptekne av at familiane skal få så gode rammer som mogleg for å leva dei liva ein sjølv vil. Dette kan gjelda å få logistikken rundt barnehage, skule og arbeid til å gå opp og det kan gå på å få tilskot i ein etableringsfase for å kunna busetja seg.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1.arbeida for gode og tenlege offentlege tilbod med skule og barnehage i bygdene
2. Leggja til rette for gode oppvekstsvilkår i skule, barnehage og fritid for å gjera Vaksdal kommune meir attraktiv for tilflytting for barnefamiliar.
3. Jobba for å tilpassa opningstider i SFO og barnehage til togtidene
4. Videreutvikla Inkluderingsfond for deltaking på fritidsaktivitet for barn og unge i perioden.
5. Arbeida for å innfri målsettinga om at barn og unge i Vaksdal kommune skal kunne delta på minst 1 fritidsaktivitet, jamfør fritidserklæringen.
Kapittel 10: Kultur, idrett og frivillegheit
Vaksdal Høgre vil jobba for at ein skal ha eit rikhaldig og variert tilbod til innbyggjarane gjennom kultur, frivillegheit og idrettstilbod i kommunen. Vaksdal Høgre vil leggja til rette for rimeleg bruk av kommunale bygg, og innføra lokale søknadsbaserte stønadsordningar. Gjennom politisk dialog med råd, lag og organisasjonsliv skal det leggjast til rette for bruk av dei gode anlegga kommunen har tilgjengeleg for frivilligheita.
Høgre anerkjenner det frivillige lag og organisasjonslivet som en stor ressurs for lokalsamfunnet og me vil jobba for å legga til rette for gode rammevilkår for drift. Vaksdal kommune skal legga til rette for samarbeid med frivillige lag og organisasjonar på stønadsordninger, kompetanse, informasjon og tilgjengeliggjering av lokaler, men frivilligheita skal vere ei fristilt kraft som er uavhengig av det offentlege. Frivillegheita løyser ei mengde samfunnsoppgaver på ein god, effektiv og naudsynt måte som eit tillegg til det offentlige tenestetilbodet og har mykje større fridom og gjennomføringsevne på ei rekke felt.
For Vaksdal Høgre er det viktig at innsatsen vert sett inn på tiltak som har stor virkning for folk og fokus er på inkludering og på nedbygging av barrierer. Alle born og unge skal kunne delta på minst ein fritidsaktivitet og kostnadsfri bruk av kommunale lokaler for barn og unge vil gjera det lettare å gjennomføra aktivitetar i gode lokaler.
Dei kommunale idretts- og kulturtilboda som kulturskule, bibliotek, kino, basseng og tilgang til idrettsbygg skal vidareutviklast og styrkast. Frivilligsentralen ynskjer ein og å videreutvikla i den komande perioden.
Vaksdal Høgre ynskjer å
1. Vidareføra ordninga med kostnadsfri bruk av lokaler for barn og unge (0-18 år), mennesker med nedsatt funksjonsevne og seniorer i kommunale bygg.
2. Legga til rette for eit “Frivilligheita sitt Hus” i kommunen der kommunen står for bygg og driftsutgifter, mens lag og organisasjoner står for den praktiske drifta. Eit slikt lokale vil kreva samarbeid på tvers av bygder, aldersgrupper og sektorer i frivilligheten
3. Utleige av kommunale bygg til lag og organisasjonar i frivilligheita til ein fornuftig pris.
4. Innføringa av Inkluderingsfondet videreførast og videreutviklast i perioden 2023-2027.
5. Vaksdal Høgre støtter opp om den lokale BUA ordninga, som bidrar til motvirkning av levekårsutfordringer, ved eventuelt bortfall av nasjonale tilskot vil me sikre den lokale ordningen sin kommunale drift.
6. Søknadsordninga i Bygdeutviklingsutvalet bør fokusera meir i retning av nyskapning og innovasjon som frivillige lag og organisasjonar, private initiativ og andre kan nytta til å starte nye tilbod for innbyggjarane.
7. Vaksdal Høgre ynskjer at kommunen legg til rette for årlig arrangement i samarbeid med kommune og frivillighet, Frivilligheita sin dag.
8. Støtta opp rundt sommaraktiviteter for barn og unge, til dømes med midler frå Inkluderingsfond.
9. Vaksdal Høgre ynskjer å sjå på idretten sine kommunale aktivitetsmidlar med auge for inkludering og redusert brukarbetaling som ei ynskja utvikling, dette vil skje i samråd med Vaksdal Idrettsråd.
10. Gjenoppbygga Vaksdal idrettspark så fort som råd er.
11. Vaksdal Høgre ynskjer at biblioteka skal vere meiropne