Politikk

Vaksdal Høgre skal jobba for at Vaksdal blir ein open kommune der innbyggjarane er i sentrum. Me skal jobba for å skapa fleire lokale arbeidsplassar og eit levande næringsliv, ein eldreomsorg som er tilpassa realitetane og eit kulturtilbod med plass til alle. Me skal tenkja framover og ikkje vera redde for å tenkja stort

Våre hjartesaker

  • Helse og omsorg

    Prosjekt: Skapa helse- og omsorgstenester for dei eldre ved å byggja tenester som er tilpassa reelle behov, og som set brukaren i sentrum.

  • Skule og oppvekst

    Prosjekt: Behalda skule- og barnehagestrukturen uendra i komande periode

  • Næring

    Prosjekt: Skapa fleire lokale arbeidsplassar og utvikla næringslivet

  • Kultur og organisasjonsliv

    Prosjekt: Byggja opp under eit levande kultur- og organisasjonsliv

Se hva vi jobber med gjennom vårt partiprogram

Klikk deg inn på de ulike kapitlene for å lese hva vi jobber med.

Helse og omsorg:

Prosjekt: Skapa helse- og omsorgstenester for dei eldre ved å byggja tenester som er tilpassa reelle behov, og som set brukaren i sentrum.

Det skal vera lett å få hjelpa du treng i Vaksdal Kommune og ingen avgjersler om deg skal takast utan deg. Vaksdal skal vera ein god plass å bli gamal. Det betyr at ein skal få den pleie ein treng, tilbod om aktivitet og få næringsrik og god mat på institusjon. Det betyr og at om ein ynskjer å bu heime og dette er forsvarleg, så skal ein få dei hjelpemidla som er nødvendig for å få dette til.

Vaksdal Høgre vil:

  • Tilpassa tenester i større grad etter brukarens behov og ynskjer
  • Sikra at det ikkje er ventelister på institusjonsplassane
  • Styrka institusjonane slik at det kan bli gitt tilbod til fleire med behov for plass, og redusera presset på heimesjukepleia
    • Tilpassa institusjonsplassar i større grad etter reelle behov, og ikkje etter statistikk
  • Sikra nok omsorg- og omsorg pluss boligar til dei som ikkje kan bu heime, men som ikkje treng institusjonsplass
  • Forsvarleg oppfølging av eldre, som ynskjer å bu heime, både med medisinsk og anna hjelp
    • Proaktive tenester som blir sett inn på eit tidleg tidspunkt
    • Førebyggjande heimebesøk for å gje tett oppfølging og kartleggja behov for hjelp
  • Skapa fleire aktivitetstilbod til eldre
    • Samarbeid med skule og barnehage, frivillige organisasjonar, pårørande og idrettslag ved tilsetting av ein samfunnskontakt
    • Gje tilbod om ein time valfri aktivitet kvar dag
  • Servera næringsrik og god mat på sjukeheimane til fornuftige tider
    • Tilpassa måltidstider etter brukar sine ynskjer og behov.
    • Samarbeid med- og fleire val til brukaren om meny
    • Kjøkken og kompetanse lokalt
  • Finna den beste løysninga for legevaktordning
  • Vurdera samarbeid med nabokommunar om helsetenester
  • Satsa meir på psykisk helse
    • Lav terskel for psykisk helsetilbod
    • Etablera psykolog-tilbod lokalt

Skule og oppvekst

Prosjekt: Behalda skule- og barnehagestrukturen uendra i komande periode

Vaksdal Kommune skal vera ein inkluderande og trygg kommune å voksa opp i. Me skal ha ein barnehage som er tilpassa behovet Vaksdal har som ein pendlarkommune og som gjer familiane fleksibiliteten dei treng, samtidig som ein tar omsyn til borna sitt beste. Vaksdal Høgre ynskjer ein skulefritidsordning som fokusera på kultur- og fritidsaktivitetar, samt læringsstøttande aktivitetar. Vaksdal Høgre ynskjer ein skule som tar vare på lærelysten til borna og ser den enkelte elev sine behov og moglegheiter. Me skal ta tidleg innsats på alvor og ha nivåtilpassa undervisning. Skulen skal ha nulltoleranse for mobbing og jobba aktivt med dette. God psykisk helse er viktig for god livskvalitet, og barn og unge med helseutfordringar er ei sårbar gruppe, som treng eit tilpassa helsetilbod. Innsatsen må derfor settast inn så tidleg som mogleg, og vera lett tilgjengeleg.

Vaksdal Høgre vil:

  • Utarbeida målbare planar for tenesta i alle delar av oppvekst.
  • Byggja oppveksttun med tilstrekkeleg kapasitet på Stamnes
  • Behalda skulestrukturen uendra i komande periode
  • Styrkja barnevernstenesta
    • Større samarbeid med andre kommunar
    • Styrkja kompetansen i tenesta
    • Utvikla overordna plan for kompetanse- og kvalitetsarbeid i barnevernet (eventuelt som en del av oppvekst) med bakrunn i tilstandsrapport.
  • Sikra at helsetenesta for barn og unge er bemanna i tråd med nasjonale retningslinjer
  • Sikra ekstra ressursar til elevar med særskilte utfordringar
  • Sikra nivåtilpassa opplæring der ein ser kvar enkelte born sine behov og moglegheiter
  • Ha nulltoleranse mot mobbing og sikra at det jobbast aktivt med dette
  • Ha fleire opptak til barnehagane i året
  • Ha lengre opningstid i barnehagane og SFO for å sikra fleksibilitet for barnefamiliane
  • Innføre ei maks grense per veke i BHG og SFO for å ta omsyn til barnas beste.
  • Sikre ei skulefritidsordning med god kvalitet
    • Utarbeide nye vedtekter og retningslinjer for SFO
    • Bemanne etter behov
    • Vidareføre tilbod om timar i kulturskulen innanfor SFO tida

Næring

Prosjekt: Skapa fleire lokale arbeidsplassar og utvikla næringslivet

Vaksdal Kommune har sagt at den skal vokse i folketal. Samtidig er halvparten av arbeidstakarane pendlarar. Lokale arbeidsplassar er grunnleggjande for å få til tilflytting til kommunen, og me må derfor satsa på næringslivet. Me må leggja til rette for at dei bedrifter som ynskjer å etablera næring i Vaksdal skal få moglegheit til dette, både gjennom tilpassa areal og ved å hjelpa bedriftene med kompetanseheving og utstillingsvindauge for å nå nye kundar.

Vaksdal Høgre ynskjer å skapa fleire arbeidsplassar. For å få til dette må me ha:

  • Ha ein arealplan som viser at kommunen ynskjer nyetableringar velkomen
  • Arbeida for auka næringsaktivitet i kommunen og setta mål om vekst i lokale arbeidsplassar
  • Laga ein eigen kommunedelplan for næring
  • Laga ein næringsportal som skal fungera som eit utstillingsvindauge for lokale bedrifter
  • Etablera næring som en eigen del av kommunen si nettside slik at informasjonen er lett tilgjengeleg
  • Tilby samlingar for næringslivet, med tilpassa kurs og opplæring innan relevante område
  • Leggja til rette for at lokale bedrifter tar inn lærlingar, samt at kommunen har lærlingplassar innan helse, tekniske fag og andre områder der dette kan gjennomførast
  • Arbeida for å styrka dei næringspolitiske virkemidla og gjera dei lettare tilgjengeleg
  • Ha eit tettare samarbeid med nabokommunane for å styrka kompetansen og skapa større aktivitet rundt næringslivet
  • Ved sal av kommunale eigedommar skal næring og oppstarting prioriterast.
  • Støtta opp under landbruket i kommunen og legga til rette for større driftseiningar
Reiseliv:

Reiselivet er ein stadig voksande bransje i Norge, og med sin plassering mellom to store destinasjonar har Vaksdal store moglegheiter for utvikling, som igjen kan bli gode inntektskjelder for kommunen.

Vaksdal Høgre vil:

  • Visa fram mogelegheiter til relevante investorar
  • Arbeida for å laga ein langsiktig plan for å utnytta dei moglegheitene som er i Vaksdal
  • Inkludera reiseliv som ein del av ein kommunedelplan for næring.

Kultur og organisasjonsliv

Prosjekt: Byggja opp under eit levande kultur- og organisasjonsliv

Kultur er limet som heldt oss saman, og er ein viktig del av eit levande lokalsamfunn. Vaksdal Kommune skal vera ein plass som har kulturtilbod til innbyggjarar i alle aldrar. Alle skal ha moglegheit til å vera med på fritidsaktivitetar, då dette skapar eit meir inkluderande samfunn. Dette er i tillegg ein viktig del av integreringa for tilflyttarar frå andre land og kulturar.

Vaksdal Høgre vil:

  • Styrka samarbeidet mellom kommunen og frivillige organisasjonar
  • Arbeida for å gjera informasjon om tilboda i dei over 100 lokale organisasjonane lettare tilgjengeleg for innbyggjarane.
    • Open dag der alle frivillige organisasjonar kan visa seg fram
  • Bruka integreringsmidlar i samarbeid med frivillige organisasjonar for å inkludere innvandrarar i lokalsamfunnet og gje dei fritidstilbod.
  • Tilby rimelege lokaler til lån for frivillige organisasjonar og informera om dette gjennom informasjon til foreiningane.
  • Satsa på utvikling av idrettsanlegga og å tilby aktivitet til innbyggjarar i alle aldrar
  • Utvikla eit større idretts- og kulturtilbod for eldre.
  • Oppretta lokalitetar for ungdom i alle bygder
  • Kyrkja skal støttast opp rundt, som ein viktig samlingsstad for religion og kultur
  • Leggja stor vekt på innspel frå idrettslaga og idrettsrådet i saker som angår idretten

Kommunal organisering

Prosjekt: Skapa ein meir open kommune med innbyggjarane og tilsette i sentrum

Vaksdal Kommune skal vera ein open og gjennomsiktig kommune der innbyggjarane står i sentrum.

Det skal vera enkelt for innbyggjarane å få informasjon om dei aktuelle politiske sakene og korleis dei skal fremja sine innspel før politisk vedtak er utført. Dei tilsette i kommunen skal bli tatt vare på, ha gode arbeidsvilkår og eit meir forutsigbart arbeidsforhold. Kommunale budsjett skal vere realistiske for å skapa gode tenester for innbyggjarane og for å gje best mogleg velferd for kvar krone.

Vaksdal Høgre vil:

  • Utforma ein effektiv og hensiktsmessig organisering ut frå dagens og framtidas behov
    • Gjennomgang av struktur for å vurdera om forbetrande tiltak kan gjerast
  • Arbeida for ein større andel faste tilsetjingar, ta bort ufrivillige deltidsstillingar og mindre bruk at vikarbyrå
    • Auka grunnbemanning
    • Vurdera å ta i bruk årsturnus
  • Arbeida for meir openheit og innsyn i politiske saker og andre kommunale vurderingar
  • Arbeida for eit tydlegare skilje mellom politiske vedtak og administrative avgjersler
  • Endre rutinar for kommunale dokument slik at dei ligg tilgjengeleg på kommunen sin postjournal
  • Ha ein meir detaljert politisk kalender på kommunen sine sider
  • Ved utlysning av stillingar bør ein vise ynskje om at søkjarar skal busetje seg i kommunen
  • Innføra KS personalhandbok som leiarverktøy
  • Ha ein ryddigare prosess ved tilsetjingar i kommunale stillingar der kvalifikasjonsprinsippet vektar tyngst i tilsetjingar
  • Sikra gode rutinar for kva saker som skal varslast frå tilsette og sikra opplæring i avvikssystem
  • Laga realistiske budsjett ut frå faktiske forhold slik at ein unngår overskridingar
    • Tillitsvalte/fagforeiningane skal involverast i større grad i målsettingsarbeid og budsjettprosessen
  • Sikra god økonomistyring gjennom openheit og involvering
  • Implementera regelmessige innbyggjarundersøkingar, for å få informasjon om kva tenester innbyggjarane er nøgd med, og kva som kunne ha vore betre
  • Gjere det enklast mogleg å søka om tenester, og sikre ei raskast mogleg saksbehandlingstid
  • Forenkle søknadsprosessar for å gjere det lettare for folk å kome i gang med byggetiltak så raskt som mogleg

Folketalsutvikling

Prosjekt: Auka innbyggjartal i kommunen

For at Vaksdal Kommune skal bli ein kommune for framtida trengs det folketalsutvikling. Dette kjem ikkje av seg sjølv, og sjølv om folketalsutvikling handlar om arbeidsplassar, skule, fritidstilbod og ikkje minst samferdsel så er det viktig å fokusera på folketalsutvikling som ei eiga problemstilling. At det fins tomter eller bustader som folk kan kjøpa er vesentlig. Utbygging av K5 er eit spørsmål om tid, og me må vere forberedt på at det kjem til å bli tilflytting til Vaksdal.

Vaksdal Høgre vil:

  • Lokalisera og regulera tilgjengelige tomter til bustadbygging i alle delar av kommunen
  • Kampanje for å visa fram kva kommunen har å tilby
  • Auka tilskotet til nye etablerarar

Samferdsel

Vaksdal Høgre vil :

  • Arbeida for betring og rassikring av Fylkesvegane
  • FV569 må opp rustas til 2-felts veg for å kunna fungera som omkjøringsvei for E16
  • Sikra trygge skulevegar

Miljø og klima

Vaksdal Høgre vil:

  • Følja opp vedtak om kjeldesortering i kommunale bygg
  • Plassera ut bosspann i turområda i bygdene
  • Rydda opp i kjende forureiningssaker raskare
  • Gradvis skifte til elbilar i kommunal tenesteyting før 2023
  • Kjøpe varer og tenester lokalt der det er mogleg