Daledagane

Vaksdal Høgre vil jobba for at me skal ha eit rikhaldig og variert tilbod til innbyggjarane gjennom kultur, frivilligheit og idrettstilbod i kommunen. Vaksdal Høgre vil leggja til rette for rimelig bruk av kommunale bygg, og gjennom lokale søknadsbaserte stønadsordninger. Gjennom politisk dialog med råd, lag og organisasjonsliv skal det leggjast til rette for bruk av dei gode anlegga kommunen har tilgjengeleg for frivilligheita. 

Høgre anerkjenner det frivillige lag og organisasjonslivet som en stor ressurs for lokalsamfunnet og me vil jobbe for å legge til rette for deres vilkår så de har gode rammevilkår. Vaksdal kommune skal legge til rette for  samarbeid med frivillige lag og organisasjonar på stønadsordninger, kompetanse, informasjon og tilgjengeliggjøring av lokaler, men frivilligheita skal vere ei fristilt kraft som er uavhengig av det offentlege. De løser ei mengde samfunnsoppgaver på ein god, effektiv og naudsynt måte som et supplement til det offentlige tenestetilbodet og har ein mykje større fridom og gjennomføringsevne på ei rekke felt. 

For Vaksdal Høgre er det viktig at innsatsen settes inn på tiltak som har stor virkning for folk og fokus er på inkludering, nedbygging av barrierer, alle barn og unge skal kunne delta på minst ein fritidsaktivitet og kostnadsfri bruk av lokaler for barn og unge..
De kommunale idrett og kulturtilbudene som kulturskule, bibliotek, kino, basseng, idrettsbygg og Frivilligsentralen skal man videreutvikle i den kommende perioden. 

Me ynskjer blant anna:

1. Å vidareføra ordninga med kostnadsfri bruk av lokaler for barn og unge (0-18 år), menneske med nedsatt funksjonsevne og seniorar i kommunale bygg.

2. Å leggja til rette for eit «Frivillegheita sitt Hus” i kommunen kor kommunen står for bygg og driftskostnader, mens lag og organisasjoner står for den praktiske drifta. Eit slikt lokale vil kreva samarbeid på tvers av bygder, aldersgrupper og sektorer i frivilligheta

3. Inkluderingsfondet skal videreutviklast i perioda.

4. Vaksdal Høgre stør opp om den lokale BUA ordningen som bidrar til motvirkning av levekårsutfordringer, ved eventuelt bortfall av nasjonale tilskudd vil me sikra den lokale ordninga vidare drift

5. Gjenoppbygga Vaksdal idrettspark så fort som råd er.