Vaksdal Høgre vil jobbe for at den økonomiske situasjonen for innbyggarar og næringsliv skal vera stabil og forutsigbar. Kommunen sine låneopptak til investeringar dei siste åra har vore monaleg og i komande periode er det ikkje tid for store investeringar. Nye investeringar som skal gjerast må kunne gje avkastning til Vaksdal kommune på middels eller lang sikt, Vaksdal kommune treng auka inntekter for å sikra at kommunen kan drifta lovpålagte tenester i framtida, om ein ikkje lukkast med det vil det bli tøffe prioriteringar i åra som kjem.

Me ynskjer blant anna:

1. Å jobba for en gradvis reduksjon i eigedomsskatten for privatbustader gjennom perioden
2. I prosjekter som kan gje ein framtidig inntektsstrøm skal kommunen sjå på moglegheiter for investeringar 
3. Stabile rammevilkår for innbyggjere og næringsliv
4. Redusere skatter og avgifter for den enkelte og næringslivet.
5. Å arbeida for at folk beholder meir av eigen inntekt.